PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitetar i haustferien

Aktivitetar i haustferien

Måndag 9. okt. kl. 1430 – 2130: Badetur til Sauda For 8.- 10. klasse.             Ferje frå Hjelmeland kl. 1430. Buss frå Nesvik til Sauda. Retur til Hjelmeland kl. 2130. Kr. 200 for ferje, buss og inngongsbillett, eller Fritidskort. Badeturen er AVLYST, ved fristens utløp var det for få påmeldte. Arr.: Hjelmeland kommune, frivilligsentralen.

Onsdag 11. okt. kl. 1800 – 2100: Kurs i 3D-printing Marianne Hebnes, frå Hebnes 3D, kjem til biblioteket for å halda kurs/workshop i 3D-design. Kurset passar for barn/ungdom frå 10 år og oppover, og vaksne. Barn mellom 10 og 12 år må vera saman med ein vaksen. Dei som deltek må ha med eigen berbar pc/mac, med mus og ladar. Påmelding seinast 9. okt. på tlf. 40439160. Det er plass til ti deltakarar, så her er det første mann til mølla! Gratis. Kurset er FULLTEIKNA. Her er ein artikkel frå Aftenbladet om 3D printing.  Arr.: Ryfylkebiblioteket Hjelmeland.

Laur. 14. okt. kl. 1600 – søn. 15. okt. kl. 1200: Grøssartur til Trodla Tysdal For ungdommar i 8.–10. klasse. Avreise med båt frå Verven i Årdal kl. 1600 laurdag 14. oktober. Retur til Verven kl. 1200 sundag 15. oktober. Pris: kr. 300 (inkl. mat, båtskyss og overnatting) eller Fritidskort. Stikkord: Grøssarfilmar, grøssarforteljingar, grøssarløype, friluftsliv, førstehjelp, og over-natting i turisthytta eller i lavvo. Bindande påmelding på rodekors.hjelmeland.no/roff seinast tysdag 10. oktober. Arrangørar: RØFF Hjelmeland/Røde Kors og Hjelmeland Ungdomsråd, med støtte frå Hjelmeland kommune.

Laur. 14. okt. kl 1300 – 2300: Kulturbåten i Hjelmelandsvågen Mykje spennande for både barn og ungdom. Sjå plakaten. Barn og ungdom som har fritidskort, gratis inngong. Arr.: Hjelmeland kommune, Kulturhaust i Ryfylke.

Åpningstider i Ryfylkebiblioteket Hjelmeland i haustferien: Måndag sjølvbetjent: 10.00 – 15.30 Tysdag – fredag: 10.00 – 15.30 Filialen i Årdal er stengt.

Fritidskortet gir gratis inngong på kommunens arrangement, mellom anna tur til Kongeparken, Familiebading, gratis medlemsskap i Hjelmeland ungdomsteater, Grøssartur og Frukt- og laksefestivalen.

Fritidskortet er for barn/unge mellom 0-18 år som av ulike grunnar ikkje har høve til å nytte seg av fritidsaktivitetar. Gjennom denne ordninga håpar ein å auka deltaking i aktivitetar på fritida.

Kortet gjeld frå 1. juli 2017- 1. juli 2018, er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn den registrerte eigaren. Henvend deg til NAV Hjelmeland for å søkje om Fritidskortet. NAV finn du i 1 etg. på Helsehuset. Tlf: 55 55 33 33