PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitetsven

Aktivitetsven

Vil du vere aktivitetsven?

I nokre år har frivilligsentralen, omsorgssenteret og kyrkja her i Hjelmeland kommune samarbeida om noko som heiter «Kvardagsven». Dette er eit «besøksven-tilbud» som har gått i det stille i fleire år, og som me no vil sette nytt fokus på. Me vil frå i haust nytte opplegget som Nasjonalforeninga for folkehelsa har utvikla for mennesker med demens med støtte frå tv-aksjonen i 2013- dei kallar det aktivitetsvenn.

Torsdag 26.oktober vil me ha eit informasjons-/inspirasjonsmøte for nye og gamle aktivitetsvener/kvardagsvener på Omsorgssenteret på Hjelmeland kl. 13-14.30.

Informasjonsmøtet er for dei som har lyst å bli aktivitetsvener eller vil ha meir informasjon kva det inneber å vere aktivitetsven. Tilbodet om aktivitetsven vil i vår kommune ikkje berre gjelde dei med demens, men og andre som kan ha glede av dette. 

Spørsmål? Ta kontakt med Ine Linn tlf 40439242 eller Åsmund tlf 40439155

Helsing arbeidsgruppa i Hjelmeland: Ine Linn Marthinsen- diakonimedarbeidar i kyrkja, Janfrid Frantzen (omsorgssenteret) og Åsmund Sigmundstad (frivilligsentralen)