PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland

Program 2017

Hjelmeland kommune er for 2017 tildelt kr 27.645 i støtte frå Rogaland fylkeskommune for å gjennomføre programmet for "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland. Målet er at seniorar skal få eit godt, variert og tilrettelagt profesjonelt kulturtilbod. Nokre av arrangementa vert gjennomført med god hjelp av frivillige. Det er frivilligsentralen som administrerer "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland i samarbeid med Folkeakademiet, omsorgssentra og kulturkontoret.



Her er programmet for 2017:

Tysdag 24. januar kl 12.00: På Hjelmeland omsorgssenter. Musikalsk treff med far og son: José Luis og Sebastian Altamirano

Onsdag 15. februar kl 11.30 på Årdal omsorgssenter: Gubben og kjerringå har ønskekonsert. Førestilling for vaksne og eldre. Gubben og Kjerringå er i full gong med å gjere alt klart til vekas høgdepunkt: Å høyre Ønskekonserten på radioen!  Rett før Ønskekonserten skal starte oppdagar dei at radioen ikkje virkar. Gubben og Kjerringå hiver seg rundt og lagar sin eigen Ønskekonsert, dagen er redda! Førestilling med vekt på Alf Prøysens songer og forteljingar. Arrangert i samarbeid med Hjelmeland Folkekademi.

Onsdag 1. mars kl 11.30 Årdal omsorgssenter: "Å hente fram gode minner med forteljing som metode" v/Forteljar Maritha Nielsen

 

Fredag 7. april kl 16.00 Hjelmeland omsorgssenter:

Eigne songar og gode gamle slagarar v/Elin Furubotn og Torbjørn Økland

Hausten 2017:

Torsdag 21. september kl 11.00 Hjelmeland omsorgssenter "Kjente melodiar" med pianoentertainer Istvan Horvath

Onsdag 18. oktober kl 11.30 Årdal omsorgssenter "Sveivegrammofon" med Ståle Strømsvold, Leif Velde Johannesen og Roger Sjursen.