PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kurs bygdaråd, lag og organisasjonar

Kurset som var planlagt den 24. oktober hadde for få påmeldt. No er det sett opp ny dato. Håpar den kvelden passar for fleire organisasjonar.

Tysdag 21. november kl 19.00-21.00 på opplæringsrommet 1. etg Vågahuset. Tema for kurset: Registrering i Brønnøysundregisteret. Oppdatering av kontaktinformasjon. Oppretting av eiga epostadresse.

Det er viktig at alle bygdaråd, lag og organisasjonar har eit organisasjonsnummer og er registrert i det nasjonale enhetsregisteret. Mange i Hjelmeland er enno ikkje registrert, kommunen ser også at mange av dei som er registrert ikkje har oppdatert informasjonen i registeret. Det er også nyttig at organisasjonen har si eiga epostadresse. Den 21. november får laga hjelp til å gjere alt dette. Foreininger og organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret, kan delta i Grasrotandelen, og søkje om momskompensasjon. Det er også offentlege og private tilskotsordninger som føreset registrering i Frivillighetsregisteret. Blant anna krev Hjelmeland kommune organisasjonsnummer for at laget kan søkje om midler frå det nye Frivilligfondet i Hjelmeland. Kurset er gratis.

Atterhald: Me krev minimum 5 påmeldte for å gjennomføre kurset.

Dette trengs for å utføre registreringa, ta med på kurskvelden: PC eller Ipad. Bank ID eller koder for å logge inn på altinn. Vedtekter, stiftelsesdokument som viser at laget er oppretta/stifta, årsmøteprotokoll/dokumentasjon som viser val av styre dersom det ikkje er registrert før Personnnummer til styremedlemane. Dersom opplysningar skal endras må det gjerast av den personen som står registrert i registreret.

Har du spørsmål ring Åsmund på tlf 40439155.

Påmeldingsfrist torsdag 16. november til tlf 40439155 eller påmelding ved å fylle ut skjemaet nedanfor.

Kurset vert halde av Anne Marie Bergman og Åsmund Sigmundstad.

Arrangør: Hjelmeland kommune v/Frivilligsentralen.

  • skriv inn namn og tlf