PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktuelt

Kommunestyret som årsmøte for Hjelmeland Frivilligsentral

Onsdag 22. februar kl 17.00 i kommunestyrsalen.

Kommunestyret var årsmøte for frivilligsentralen den 22. februar. Kommunestyret valgte blant anna styremedlem frå dei frivillige. Styret foreslo desse til styremedlem i perioden 2017-2019: Gryta Krasikoviene og Grete Gauthun Olsen. Svanhild Hjorteland Gbada vart foreslått til vara for dei frivillige. Svein Carlos Nilsen Gjil gjekk ut av styret, han sa nei til attval. Dei andre i det sitjande styret er valgte for perioden 2015-1019.

Etter årsmøte er dette styret: Styreleiar Ståle Halsne. Styremedlem: Marit Sandanger, Grete Gauthun Olsen, Gryta Krasikoviene, Camilla Flem. Vara for dei frivillige er Svanhild Hjorteland Gbada.

Årsmelding og forslag til handlingsplan vart presentert på årssamlinga for frivilligsentralen på Spinneriet onsdag 15. februar, omlag 40 personar var tilstades. Sakspapira til årsmøte følgjer vedlagt nedanfor.

Det du kan

Ta kontakt dersom du vil bidra med det du kan. Frivilligsentralen treng frivillige til ulike oppgåver. Sentralen kan også videreformidle det du kan bidra med til aktuelle frivillige lag og organisasjonar.

Dagleg leiar i Hjelmeland frivilligsentral Åsmund Sigmundstad kan treffast på kontoret i Hjelmelandsvågen eller pr tlf 40439155. Du kan også sende ein e-post: asmund.sigmundstad@hjelmeland.kommune.no

Ein muskelbunt kan til dømes bidra med dugnad i barnehagen, sjå denne filmen:
https://www.youtube.com/watch?v=7p1h564W8Gg

Dramaqueen:
https://www.youtube.com/watch?v=sztY4mgzxAo

Råner:
https://www.youtube.com/watch?x-yt-ts=1421782837&v=kVu5MxEQZKo&x-yt-cl=84359240

Bidra med det du kan:
www.detdukan.com

Trygg Trafikk

Hjelmeland frivilligsentral er samarbeidspartner med Trygg Trafikk i Rogaland.

Nettside til Trygg Trafikk

Hjelmeland 24-7

Prosjektet ”Hjelmeland 24-7” vart igongsett med kick off laurdag 29. oktober 2011. Prosjektet er initiert av Frivilligsentralen i Hjelmeland, og legg vekt på deltaking i frivillig verksemd som ein viktig arena for å folk til å bu og finna seg til rette her.I prosjektet skal samhandlinga styrkast mellom frivillige lag og innbyggjarar.

Hjelmeland kommune har samarbeidsavtale med Hjelmeland samfunnshus og teaterlag, Hjelmeland bygdekvinnelaget, Jøsneset helselag og Årdal bygdaråd i gjennomføring av prosjektet.

Hjelmeland samfunnshus og teaterlag har ei sentral rolle, og det skal mellom anna etablerast ungdomsteater. Hjelmeland bygdekvinnelag skal vere med å byggje eit kvinnenettverk for inkludering av innflyttar- og innvandrarkvinner. Jøsneset helselag og Årdal bygdaråd er med på eit delprosjekt som går ut på å skape inkluderande møteplassar ute i naturen.

Hjelmeland kommune ved dagleg leiar i frivilligsentralen er koordinator for prosjektet. Prosjektperioden er frå 2011-2014. Det er  
kommunaldepartementet som har tildelt midlane etter søknad frå Hjelmeland kommune. Meir informasjon får du ved å ta kontakt med leiar av Frivilligsentralen Åsmund Sigmundstad på tlf 404 39 155.

Her kan du lese meir om etableringa av Hjelmeland ungdomsteater.
Her kan du lese meir om Jøsneset ei bygd i Hjelmeland som har ei av arbeidsgruppene i bulystprosjektet. Dei bruker nettside aktivt i sitt mangfoldige bulystarbeid. Foreløpig rapport pr 19.2.2014 bulyst Jøsneset: 190214presentasjon jøsnesetbulyst.pdf

Hjelmeland 24-7 kick off

Rådgjeving til lag og organisasjonar

Frivilligsentralen er aktiv med rådgjeving til lag og organisasjonar som ynskjer å søkje om eksterne midlar. Hjelmeland kommune og lag/ organisasjonar har tilgong til tilskotsportalen som gir ei oversikt over dei mange tilskotsordningar det går an å søkje på. Har du ein god idé kan frivilligsentralen kome med råd om korleis idéen kan bli til handling. Prioriterte område er folkehelsetiltak, fysisk aktivitet, lågterskeltilbod, mangfald og inkludering av innvandrerar til Hjelmeland.

Kulturarrangement i Hjelmeland
På nettsida til Hjelmeland kommune under "kva skjer" i høgremenyen, finn du ulike kulturarrangement.


Brukt turutstyr?
Frivilligsentralen er interessert i å ta imot brukt turutstyr.
Ta kontakt dersom du har pent brukte fjellsko, turjakker, eller liknande.
Du kan ringe for å avtale tid; 404 39 156  eller 404 39 155

Frivilligsentralen er på Facebook:
http://www.facebook.com/update_security_info.php?wizard=1#!/pages/Hjelmeland-Frivilligsentral/391841740050