PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kommunestyresalen onsdag 22. februar kl 17.00

Kommunestyret var årsmøte for frivilligsentralen den 22. februar kl 17.00 i kommunestyresalen.

Årsmelding og forslag til handlingsplan vart presentert på årssamling for frivilligsentralen 15. februar kl 19.00 på Spinneriet, om lag 40 personar var tilstades.

Her er årsmelding og handlingsplan for frivilligsentralen

Kommunestyret valgte styremedlem frå dei frivillige for perioden 2017-2019: Gryta Krasikoviene og Grete Gauthun Olsen. Svanhild Hjorteland Gbada vart valgt til vara for dei frivillige. Dei andre i det sitjande styret er valgte for perioden 2015-1019.

Slik er styret etter kommunestyret sitt vedtak: Styreleiar er Ståle Halsne. Styremedlem: Marit Sandanger, Grete Gauthun Olsen, Gryta Krasikoviene, Camilla Flem. Vara for dei frivillige er Svanhild Hjorteland Gbada.

Styret i Hjelmeland Frivilligsentral foreslår ovafor kommunestyret at første linje i punkt 4 i vedtektene vert strøke. «Kulturdepartementet har forvaltningsansvar for det statlege driftstilskotet til sentralen» Bakgrunnen for dette er at Stortinget frå og med 1.1.2017 har slutta seg til at ansvaret for tilskot til frivilligsentralar vert overført til kommunane. jf. Innst. 333 S. (2014–2015). Jfr brev frå kulturdepartementet datert 18.11.2016. Hjelmeland kommune får i 2017 kr 365000 overført som ein del av rammetilskotet (tabell C) fordi kommunen har ein frivilligsentral.

Her kan du lese gjeldane vedtekter for Hjelmeland Frivilligsentral.

Her er innkalling og sakliste til kommunestyrets som årsmøte for frivilligsentralen.

Her er referat frå kommunestyret som årsmøte for frivilligsentralen i 2016.