PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kontaktforum 9. januar kl 19.00

Bygdaråd, lag og organisasjonar i Hjelmeland vart innkalla til kontaktforum 9. januar kl 19.00. Kontaktforumet starta med offisiell opning av utstyrsbanken v/Ordføraren, på Hjelmeland Frivilligsentral. Etterpå fortsette kontaktforumet med møte på Spinneriet. Hjelmeland kommunestyre vedtok Frivilligstrategi for Hjelmeland kommmune den 14. desember. At det skal arrangerast kontaktforum i januar er ein del av det som står i frivilligstrategien.
Agenda for kontaktforum:
-Opning av utstyrsbanken v/ordførar.
-Gjennomgong av Frivilligstrategi for Hjelmeland kommune v/ordførar, rådmann.
-Oppstart planlegging av Frivillig Torg som skal arrangerast haust 2018, jfr årshjul Frivilligstrategien.
-Info om kulturmidlar, frivilligfondet og andre midlar organisasjonar kan søkje på v/Eldfinn, Åsmund.
-Info om felles bruk av kalenderen «Kva skjer?» på kommunens nettside.
-Info om oppdatering/registrering i Brønnøysundregisteret og organisasjonane sin bruk av epost.
-Her er presentasjonen med info som vart gitt på kontaktforumet.
-Det vart også sett av tid til at uformell samtale «speed date» mellom møtedeltakarane.
Me ber om du sjekker om det står rett kontaktinformasjon i lista over lag og organisasjonar i Hjelmeland. Dersom noko må rettast på, send ei melding om det til asmund.sigmundstad@hjelmeland.kommune.no