-
Eg vil bidra som frivillig
Vil du bidra som frivillig i Hjelmeland? Oppgåver kan til dømes vera: Følgjeteneste, aktivitetsven, kafévert, besøksven, praktisk hjelp til arrangement, matomkjøring. Både frivillige organisasjonar og frivilligsentralen treng nye fleire frivillige i alle aldrar.
Sommaraktivitetar for barn og ungdom i Hjelmeland
I år er det mange kjekke sommaraktivitetar. Hjelmeland kommune har 4 aktivitetsguidar i fire veker som leiar aktivitetane. Påmeldinga er open frå 15. juni.Aldersgruppe: For alle
Oppfordring til foreldre: Vi vil at alle skal ha det trygt og kjekt i lag, så snakk gjerne med ungane om å følgje reglane, vere greie med kvarandre og bidra til god stemning for alle. Dette fordi me forventer at alle skal bidra med å gjere det trygt for alle å delta.
Fleire av aktivitetane i sommar har eit begrensa tal plassar. Det er viktig at du gir beskjed om du har meldt deg på ein aktivitet, men ombestemmer deg. Det kan vera andre som står i kø for å vera med, og då er det dumt om det er plassar som ikkje blir brukte.
Sommarferieaktivitetane blir arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir, Rogaland sparebank og Rogaland fylkeskommune.
Pop-up aktivitetar 25. juni-23. juli
Pop up aktivitetar er for barn og ungdom som har fullført 3. klasse og eldre. Pop up aktivitetene er padling, bading, ballspel og mykje anna kjekt. Pop up aktivitetane har oppmøte ulike stader og blir leia av aktivitetsguidar. Det blir delt inn aldersdelte grupper. Pop up aktivitetane blir desse dagane: (programmet er foreløpig, det kan kome endringar)
Pop up den 25. og 26. juni: Det går rutebuss frå Hjelmeland kl 9.15 via Fister til Årdal kl 9.46. Det går rutebuss tilbake frå Årdal kl 14.36 via Fister til Hjelmeland kl 15.10.
- 25. Juni kl 9.45-15.15 for 8.-10. klasse oppmøte ved Årdal skule
- 26. juni kl 9.45-15.15 for 8.-10. klasse oppmøte ved Årdal skule
- 29. Juni kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 1. Juli Kick off for 4.-10. klasse kl 17.00-21.00 på klubbhuset på Hjelmeland
- 3. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 6. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse.
- 8. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse.
- 9. Juli kl 10'15.30 for 4.'10. Klasse
- 10. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 13. juli kl 10-15.30 for 4.-8. klasse
- 14. juli kl 10-15.30 for 4.-8. klasse
- 15. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 17. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 20. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 22. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 23. juli kl 17.00-21.30 Underhaldningskveld
Oppmøtestad blir hovedsakleg på Hjelmeland. Mange kan bruke rutebuss for å kome seg til og frå aktivitetane.
Det kjem meir informasjon om kva aktivitetar det er snakk om når det nærmar seg. Følg også med på gruppa "Hjelmeland kommune - aktivitetar for barn og ungdom" for å få meir informasjon om aktivitetane.
Aktivitetar med påmelding: Klikk på den aktiviteten du vil vera med på i kalender nedst på denne sida, då kjem du til påmeldingsskjemaet.
Har du spørsmål om sommarferieaktivitetane? Ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf: 40439155. Nedst på denne sida finn du lenker til dei aktivitetane som krev påmelding. OBS Påmeldingsfrist 22. juni. Klikk på dei grøne lenkene nedst på denne sida, så kjem du til meir info og påmeldingsskjema.
Personer med funksjonsnedsettingar
Hvis du har behov for følge eller assistanse for å delta på sommerferieaktivitetane kan du fritt ta med din ledsager. Du kan søkje om støttekontakt via skjema på Hjelmeland kommune si nettside.
Andre sommarferieaktivitetar:
Hjelmeland idrettslag arrangerer fotballskule i sommarferien: 12.-14. august Fotballskule ved Hjelmeland idrettslag for årskull 2014 til 2016. Påmelding til Hjelmeland idrettslag.
Sommaraktivitetar for barn og ungdom i Hjelmeland
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Man 13.07 | 10:00 | Pop-up aktiviteter for barn og ungdom i Hjelmeland | Hjelmelandshallen |
| Tir 14.07 | 10:00 | Pop-up aktiviteter for barn og ungdom i Hjelmeland | Hjelmelandshallen |
| Ons 15.07 | 10:00 | Pop-up aktiviteter for barn og ungdom i Hjelmeland | Hjelmelandshallen |
| Tor 16.07 | 09:15 | Tur til "Fangene på fortet" | Stavanger |
| Fre 17.07 | 09:15 | Bølgjesurfing med Surfschool | På Jæren |
| Fre 17.07 | 10:00 | Pop-up aktiviteter for barn og ungdom i Hjelmeland | Hjelmelandshallen |
| Man 20.07 | 10:00 | Pop-up aktiviteter for barn og ungdom i Hjelmeland | Hjelmelandshallen |
| Tir 21.07 | 08:30 | Tur til Skogsprett aktivitetspark i Sandnes | Sandnes klatrepark |
| Ons 22.07 | 10:00 | Pop-up aktiviteter for barn og ungdom i Hjelmeland | Hjelmelandshallen |
| Tor 23.07 | 17:00 | Underholdningskveld | Hjelmeland klubbhus |
Del på:
-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/
-
Fritidskortet og fritidskasse
Fritidskort fritidsaktiviteter alle med auka deltaking i fritidsaktiviteter
-
Frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland
I foreningsportalen for Hjelmeland finn du kontaktinformasjonen til alle frivillige organisasjonar i Hjelmeland. Har du spørsmål kontakt med Åsmund Sigmundstad på tlf 40439155.