Sykkelverkstad

Hjelmeland frivilligsentral sykkelverkstad møteplass

Aldersgruppe: For alle

Sykkelverkstad er open med nye smittevernrutiner frå og med torsdag 23. april. Sykkelverkstaden har redusert kapasitet og tar berre mot bestilling pr telefon.

Rutiner:

  1. Timebestilling på tlf 40439155.
  2.  Mottak av syklar skjer utfor sykkelverkstaden etter avtale pr telefon..
  3. Alle syklar blir vaska før dei tas inn i sykkelverkstaden.
  4. Betaling med Vipps til nr 510120

Mottak av pent brukte syklar: Me er interessert i å ta imot brukte syklar, sykkelverkstaden set dei i stand og sel dei på vårt bruktsal. Levering skjer etter avtale, ta kontakt å tlf 40439155.

Bruktsal: Sykkelverkstaden har for sal desse syklane som er klargjort og i god stand: 10 stk sykler for barn, ungdom  og vaksne, kr 500-800 pr stk.

Hjelmeland Frivilligsentral har fått kr 16000 i støtte frå Frivillig Rogaland til prosjektet "Fleire på sykkel". Pengene skal blant anna brukast til å arrangere sykkeldag i september 2020 med innleigde sykkelreperatørar frå Paahjul i Stavanger.

Hjelmeland Frivilligsentral fekk i 2017 kr 49000 i gåve frå Gjensidigestiftelsen til å starte opp sykkelverkstad. Sykkelverkstaden skal vere vere ein stad for arbeidstrening for flyktningar som treng arbeidspraksis. Oppstart av sykkelverkstaden var i april 2017. I februar og mars var det opplæring av sykkelreperatørane. Frivilligsentralen er interessert i brukte syklar som treng reperasjon dei kan leverast etter avtale på tlf 40439155.

Hjelmeland Frivilligsentral fekk i desember 2018 kr 30.000 i gåve frå Gjensidigestiftelsen til oppdatering av utstyr til sykkelverkstaden. Det gjekk til innkjøp av solid mekkestativ og stativ for lagring av sykler i verkstaden.


Artikkel i lokalavisa Strandbuen om sykkelverkstaden.

 

Annonse strandbuen 7april2017

Flere aktiviteter

Aktiviteter/ tilbod

Hva skjer Kva skjer Arrangement Hjelmeland

Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland

Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland

Eg kan bidra som frivillig

Mange innbyggjarar er no mellombels isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene, eller fordi dei sosiale og kulturelle tilboda dei vanlegvis nyttar seg av er lagt ned. Kanskje du vil hjelpe til å få gjort unna småærend eller kanskje berre ringje nokon for å sjekke at alt går greit? Fyrste fase er å kunne kartleggje behov og kven som vil bidra. Meld gjerne frå dersom du vil bidra på skjema som ligg på fremst på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Ikkje send taushetsbelagte eller sensitive opplysninger via dette skjemaet.

Eg treng annan hjelp

Mange innbyggjarar er no mellombels isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene, eller fordi dei sosiale og kulturelle tilboda dei vanlegvis nyttar seg av er lagt ned. Kanskje du treng hjelp til å få gjort unna småærend eller kanskje berre at nokon ringjer til deg for å sjekke at alt går greit? Fyrste fase er å kunne kartleggje behov og kven som vil bidra. Meld gjerne ditt behov for assistanse/hjelp på skjema som ligg fremst på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Ikkje send taushetsbelagte eller sensitive opplysninger via dette skjemaet.

Ferietilbod

Ferie ferietilbod aktivitetar fritid leir Hjelmeland Rogaland

2020 © Hjelmeland frivilligsentral