-
Reisepolicy for Hjelmeland frivilligsentral
Me tar vare på kvarandre defor har me retningslinjer for frivilligsentralen på reise. Retningslinjene skal bidra til at alle deltakarar er tryggare på veg til og frå aktivitetar, og på reise. Alle har eit personeleg ansvar. Likeeins har frivilligsentralen eit ansvar ved tilrettelegging av aktivitetane. Målet er å gjere turen til ei trygg og god oppleving, både for deltakarar og leiarar.
Reisepolicy for Hjelmeland frivilligsentral
Me tar vare på kvarandre defor har me retningslinjer for frivilligsentralen på reise. Retningslinjene skal bidra til at alle deltakarar er tryggare på veg til og frå aktivitetar, og på reise. Alle har eit personeleg ansvar. Likeeins har frivilligsentralen eit ansvar ved tilrettelegging av aktivitetane. Målet er å gjere turen til ei trygg og god oppleving, både for deltakarar og leiarar.Hjelmeland Frivilligsentral skal bidra til at dei aktiviteter me driv med skal opplevast som sikre for alle deltakarar. Reisepolicyen skal bidra til trafikktryggleik av og for deltakararar og frivillige. Dette gjeld til og frå aktivitetar, og når personar er ute på reiser som representant for frivilligsentralen.
Reisepolicyen tar for seg det personlege ansvar kvar person har, og det ansvaret frivilligsentralen til einkvar tid har for tilrettelegging av aktivitetane.
Gåande til og frå aktivitet og arrangement:
• Vi velger fortau, gang– og sykkelstiar
• Alle vert oppfordra til bruk av refleks eller refleksvest på veg til og frå aktivitetar
• Ved aktivitet utandørs i mørke, bruker vi alle reflesvestar eller -belter
Syklande til og frå aktivitet og arrangement:
• Alle bruker hjelm
• Vi velger gang– og sykkelstier så sant det er mogleg
• Vi går av sykkelen når vi krysser fotgjengerfelt
• Vi bruker lys framme og bak ved ferdsel i mørke
• Sykkelen har signalklokke, som vi bruker for å gjer gåande merksame på oss
• Vi bruker refleksvest eller -belte når vi syklar i mørket
Køyrande til og frå aktivitetar og arrangement:
• Vi køyrer aktpågivande og viser sunne haldningar i trafikken
• Sjåføren passer på at køyretøyet er i forskriftmessig stand
• Vi reknar god tid på reisa
• Sjåføren respekterer trafikkreglar og skilting langs vegen. I ein stressa kvardag kan ein vere seint ute; husk hald fartsgrensa!
• Sjåføren nyttar handsfree ved bruk av telefon under køyring
• Sjåføren ser til at alle i bilen er fastspent med setebelte
• Vi unngår så langt det er mogleg å rygge på parkeringsområde
• Vi ser til at bilen alltid står slik til at passasjerar kan gå trygt ut og inn
Ved bruk av privatbil
1. Køyretøy som vert nytta skal vere i forskriftsmessig og i forsvarleg stand.
2. Ha eit fast klokkeslett for frammøte og avreise.
3. Rekne tilstrekkeleg tid.
4. Sjåførane skal vere gode førebilete. Hald derfor trafikkreglar og fartsgrenser.
5. Sjå til at sikkerhetsutstyr i bilen vert brukt.
6. Stressa køyring gjer også passasjerar i bilen stressa.
7. Hugs at lause gjenstander i bilen er farlege ved bråstopp.
8. Legg inn stopp på lange reiser.
9. Alkohol og trafikk går ikkje saman - Husk dagen derpå!
Krav til transportselskap/sjåfør og reiseleiar sitt ansvar ved innleige av buss:
• Bussen skal vere utstyrt med trepunkts-setebelter
• Det skal vere minst mogleg laust utstyr i bussen
• Bagasjen skal vere sikra
• Sjåføren skal nytte handsfree ved bruk av telefon under køyring
• Reiseleiar kjenner til overnevnte krav til sjåfør/busselskapet
• Reiseleiar passer på at alle sit fastspent
• Reiseleiar ser til at det er stopp undervegs hvis dette er naudsynt
• Reiseleiar ser at alle er varsame ved av- og påstigning
• Reiseleiar og sjåførens anvisninger vert følgt under turen
• Finn eigna plasser kor det er tillatt å parkere, og i god avstand til vegen.
Ved større arrangementer:
• Frivilligsentralene prøver å stille med eigne synlege parkeringsvakter
• Parkeringsvaktene dirigerer og passer på trygg ferdsel ved arrangementsstaden
• Parkeringsvaktene skal også sikre lett ankomst for utrykningskjøretøy
• Slik gjer vi reisepolicyen kjent i vårt arbeid: Vår reisepolicy vert lagt ut på nettsida
• Frivilligsentralen oppfordrar lag og organisasjonar den er i kontakt med til å opprette eigen reisepolicy.
Åsmund Sigmundstad
Hjelmeland Frivilligsentral
Oppdatert 2026
Frivilligsentralen vil oppfordre alle frivillige organisasjonar til å lage sin eigen reisepolicy, her er eit forslag: