Fredag 15 Oktober 2021
Kl. 09:30 - 17:00, Sand
Tur til Suldal bad

Tid: Fredag 15.oktober

Bli med i haustferien på ein kjekk tur til Suldal bad!

Hos Suldal Bad finn du fleire basseng, klatrevegg, WIBIT-hinderbane, sklie, badstove og velværeavdeling. Her får du utsikt til både basseng og natur, fjord og fjell.  

Har du lyst på noko godt, kan du nyte forfriskingar og snacks i den trivelige kaféen! Du finn óg ein badebutikk kor ein kan kjøpe badeklede, svømmebriller, baderingar og anna utstyr.


Badereglar - OBS!

Badereglane til Suldal bad finn du her: Badereglar og informasjon | Suldal Bad (suldal-bad.no) 
Det vil seie at foreldra/føresatte ser etter sine barn og at det er maks 3 barn pr badande vaksen. For vår gruppe gjeld også desse reglane:

  • Barn under 14 år må ha med ein vaksen (maks 3 barn pr vaksen).
  • Barn mellom 14 og 17 år må ha med ein godkjenning frå foreldre/foresatte og må vere svømmedyktige.


Prisar og betaling

  • Kr 100,- for barn t.o.m. 15 år.
  • Kr 150,- for ungdom 16-17 år og honnør.
  • Kr 200,- for vaksen.
  • Gratis for familiar med fritidskort.

Betaling til VIPPS nr 51 01 20. Merk betaling med Suldal Bad.


Reiserute til Suldal bad

  • Rutebuss frå Årdal skule 9.34, via Byrkja. Ankomst Hjelmeland 9.54
  • Rutebuss frå Fister 9.22. Ankomst Fisterkrossen 9.30. Rutebuss frå Fisterkrossen 9.41. Ankomst Hjelmeland ferjekai 9.54. (NB! må skifta buss i Fisterkrossen)
  • Ferje frå Hjelmeland ferjekai kl 10.20. Ankomst Nesvik 10.33.
  • Ekstrabuss frå Nesvik 10.35. Ankomst Suldal bad kl 11.25.


Reiserute frå Suldal bad

  • Ekstrabuss frå Suldal bad kl 14.10. Ankomst Nesvik 15.10.
  • Ferje frå Nesvik 15.20. Ankomst Hjelmeland ferjekai 15.33.
  • Rutebuss frå Hjelmeland ferjekai kl 16.07. Ankomst Fister 16.22. Ankomst Årdal skule 16.37.


Gruppa må vere ved hovedinngongen til Suldal bad kl 11.30 (me slepp ikkje inn før). Gruppa skal vere ute av garderobane senast kl 14.00.


Ta med

Hugs å ta med badetøy og handkle! Ein kan ta med eigen niste, men den kan ikkje etas inne i lokalene til Suldal bad.


Påmelding

Påmelding innan 8.oktober via påmeldingsskjema som ligg nederst på denne sida.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med Anne Spilde på tlf 404 39 152.

Arr: Frivilligsentralen, Hjelmeland kommune.

Foto: Lånt fra www.suldal-bad.no


Velkommen til ein kjekk tur til Suldal bad!


Påmelding er stengt
2024 © Hjelmeland frivilligsentral