Søndag 31 Oktober 2021
Kl. 12:30 - 15:30, Hjelmelandshallen
Frivilligtorg
Frivilligtorg vert arrangert i Hjelmeland kvart tredje år i samarbeid med frivillige organisasjonar. Frivilligtorg var i Hjelmelandshallen 31. oktober 2021. Denne dagen fekk alle 70 ulike frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland tilbod om å presentere sine aktivitetar med stands i Hjelmelandshallen. Me inviterte også regionale frivillige organisasjonar.

For å motivere alle organisasjonane til å lage gode stands med kreative aktivitetar vart det ei pengegåve til tre av organisasjonane. Det var ein eigen jury som vurderte alle stands den 31. oktober og offentlegjorde kven som fekk dei tre gåvene i slutten av dagen.

Desse tre gåvene blei delt ut:

  1. Den stand med best info om organisasjonen, kr 5000: Hjelmelandsspeiderne
  2. Den stand med best kreativ aktivitet for barn og ungdom, kr 5000: Ryfylke sykkelklubb.
  3. Den stand som best formidlar at dei vil ha fleire med i organisasjonen, kr 5000: Hjelmeland idrettslag

Hjelmeland kommune sende også ei informasjonsbrosjyre med invitasjon til Frivilligtorg ut til alle husstandar i Hjelmeland kommune. 

Frivilligtorg vart arrangert av Hjelmeland kommune med støtte frå Strandbuen/ Amedia/ Sparebankstiftelsen DNB.

Påmeldte organisasjonar pr 30. september:

  1. Hjelmeland Røde kors
  2. Hjelmeland Mållag
  3. Fellesstand Jøsenfjorden: Bygdeutval, Fritidsklubb, Skyttarlag, Bedehus, Strikkekafeen, Fjordatreffen, Onsdagskule, Yngres, Jøsentrimmen
  4. Hjelmen 4H
  5. Hjelmelandspeiderne
  6. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
  7. Hjelmeland idrettslag
  8. Hjelmeland kunstlag
  9. Hageselskapet Hjelmeland
  10. Fister Bygdaråd
  11. Hjelmeland bygdekvinnelag
  12. Den norske kyrkja Fister, Årdal, Hjelmeland sokn
  13. Holy Riders MC Racing
  14. Ryfylke lokallag fortidsminneforeningen, Rogaland fylkesavdeling
  15. Fellesstand: Hjelmeland kommune/ Hjelmeland Naturlegvis/ Hjelmeland frivilligsentral
  16. Humanetisk forbund ytre Ryfylke lokallag
  17. Hjelmeland skyttarlag
  18. Hjelmeland sogelag
  19. Litauisk folkedansgruppe i Rogaland "JORE"
  20. Litauisk kor i Rogaland: Baltija.
  21. Ryfylke veterankjøretøyklubb
  22. Ryfylke sykkelklubb
  23. Pensjonistklubben
  24. Hjelmeland storband
  25. Frilager.no 
  26. Seniordans Hjelmeland
  27. Strand fotoklubb
  28. Strand AA


Påmelding er stengt
2024 © Hjelmeland frivilligsentral