Fredag 3 Mars 2023
Kl. 11:00 - 13:00, Hjelmeland omsorgssenter
Open møteplass for eldre
Oppstart 19. januar. Velkomen til open møteplass på Hjelmeland omsorgssenter kvar fredag kl 11.00-13.00. Her kan du sitje ned og ta ein drøs. Me tilbyr også middag med dessert og kaffi for kr 120. Betal med vipps eller kontant. Ope for alle. Arrangør frivilligsentralen.

Treng du skyss kan du bestille Seniortaxi tlf 91539703: Her er meir info om ordninga.

Me treng også fleire frivillige som vil vere med på å utvikle dette til å vere ein god møteplass. Me treng frivillige både på dagtid og ettermiddag/kveld. Me treng frivillige til dømes til: Musikalske aktivitetar; song, musikk, dans. Handarbeid, strikking, sying. Treningsaktiviteter inne eller tur ute. Spel; til dømes kort, bingo, quiz e.l. Litteratur, lesing. Snekring, sløyd, reperasjoner. Hagearbeid; i området rundt omsorgssenteret. Eller du har eigne forslag; noko du har lyst å bidra med.

Vil du vere med å bidra? Då får du meir informasjon og kan registrere deg via denne linken:

https://frivillig.no/hjelmeland-frivilligsentral/vil-du-vere-med--skape-ein-open-mteplass

Er du interessert kan du også ta direkte kontakt med Frivilligsentralen på tlf 40439155.

2024 © Hjelmeland frivilligsentral