Torsdag 14 Juli 2022
Kl. 08:30 - 16:30, Suldal Bad
Tur til Suldal Bad
Turen er fullteikna.

Bli med på ein kjekk tur til Suldal bad!

Hos Suldal Bad finn du fleire basseng, klatrevegg, sklie, badstove og velværeavdeling. Her får du utsikt til både basseng og natur, fjord og fjell.  

Har du lyst på noko godt, kan du nyte forfriskingar og snacks i den trivelige kaféen! Du finn óg ein badebutikk kor ein kan kjøpe badeklede, svømmebriller, baderingar og anna utstyr.


Badereglar - OBS!

Badereglane til Suldal bad finn du her: Badereglar og informasjon | Suldal Bad (suldal-bad.no) 
Det vil seie at foreldra/føresatte ser etter sine barn og at det er maks 3 barn pr badande vaksen. For vår gruppe gjeld også desse reglane:

  • Barn som er under 13 år ha med ein vaksen (maks 3 barn pr vaksen).
  • Barn mellom 13 og 17 år må ha med ei godkjenning frå foreldre/foresatte og må vere svømmedyktige.


Prisar 

  • Turen er gratis


Reiserute til Suldal bad

  • Buss frå Årdal v/Årdal skule 8.30, frå Fister 8.45, Hjelmeland ferjekai 9.00. Ferje frå Hjelmeland ferjekai kl 9.20. Ankomst Nesvik 9.33.

    Frå Nesvik 9.35. Til Suldal bad 10.30.


Reiserute frå Suldal bad

  • Buss frå Suldal bad kl 14.00. Stopp v/ Høse bru og laksestudio 14.10. Buss frå laksestudio 15.30. Ankomst Nesvik 16.30. Ferje frå Nesvik 16.40. Ankomst Hjelmeland 16.53. Til Fister 17.15. Til Årdal 17.30.



Ta med

Hugs å ta med badetøy og handkle! Ein kan ta med eigen niste, men den kan ikkje etas inne i lokala til Suldal bad.


Påmelding

Påmelding innan 29. juni via påmeldingsskjema som ligg nederst på denne sida.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med Susanne Mangle Kvame på tlf 40439158

Arr: Frivilligsentralen, Hjelmeland kommune.

Påmelding er stengt
2024 © Hjelmeland frivilligsentral