Haustferien i Hjelmeland

Fleire kjekke aktivitetar gjer det ekstra kjekt å vere i Hjelmeland i haustferien for store og små. Her blir det både haustmarknad, teiknekurs, barneteater, konsertar, babysong, open kafé, tur til Suldal bad, pubkveld, haustutstilling og kino. Det er óg mogleg å leige både SUP, kano, telt og turutstyr frå Frilageret. Biblioteket er ope heile haustferien og her får ein også mange gode kart og turtips.

Aktivitetar i Hjelmeland i haustferien


FREDAG 8.OKTOBER

  • Ungdomsklubben på Hjelmeland samfunnshus kl. 19-22. Sosial møteplass, brettspel, bordtennis, film, musikk og andre aktivitetar. Open kiosk. Gratis matservering. Målgruppe: 13–18 år. Registrering og påmelding på Spond:
    https://club.spond.com/landing/signup/hjelmelandsh 


LAURDAG 9.OKTOBER

  • Haustmarknad kl. 12-14 i Hjelmelandsvågen med sal av lokal produkt.

  • Haustutstilling & kafé hos Galleri Hagalid kl. 12-17. Dobbel separatutstilling med bildekunstnar Tom Erik Andersen frå Drammen og Rita Sørby frå Kragerø med skulpturelle arbeide i porselen.


SUNDAG 10.OKTOBER

  • Haustutstilling & kafé hos Galleri Hagalid kl. 12-17. Dobbel separatutstilling med bildekunstnar Tom Erik Andersen frå Drammen og Rita Sørby frå Kragerø med skulpturelle arbeide i porselen.


ONSDAG 13.OKTOBER

  • Teiknekurs saman med Hilde Thomsen på Hjelmeland ungdomsskule.  Kl 9-12 for 3.-7.klasse. Kl 13-16 for 8.-10.klasse. Kursavgift kr 300,-  og for sysken kr 250,- . Gratis viss ein har fritidskort. Inkludert kurs, teiknemateriell og forfriskningar/frukt.
    Påmeldingsfrist 06.okt. Bindande påmelding til tor.reimund.helgoy@lyse.net eller sms til 905 55 439. Hugs å skrive namn, klasse og namn på forelder/føresett. Arrangør er Hjelmeland Kunstlag.

  • Babysong - eit hyggeleg samver med song, musikk og rørsle kl 11-12.30 i Hjelmeland kyrkje. Ta gjerne med eige teppe til å ha oppå matta og ei nistepakke, Det serveres kaffe og te.  

    Påmelding på Facebook | Barselgruppe 2021 i løpet av onsdagen før kvar samling

  • Open kafé i Det grøna rommet i Kommunehuset kl 14-17. Sal av kaffi og himabakst.

  • Språkkafé/kafé for alle i Vågastova/Hjelmeland bibliotek kl 18-19.30.

  • Barneteaterframsyninga Ridder Aske møter dragen og trollet kl 17:30-18:30 på Spinneriet. Her følgjer Askeladden draumen om å bli ein ekte riddar og få plass ved kongens runde bord. Han tek utfordringa frå kongen om å kjempe mot både dragar og troll, og på vegen dukkar opp ein gamal kjenning - den lure reven. Passar godt for dei minste! Billettsal i døra: kr 120 (barn med fritidskort er gratis).

          

  • Konsert med den unge pianotrioen Håvard Ersland Trio kl 19:30-21 på Spinneriet. Låtmaterialet er av høg kvalitet og komposisjonane krydras med lekre detaljar, eit stort musikalsk overskot og ein solid porsjon speleglede. Trioen er hylla for sitt unike uttrykk, det tette samspelet og dei spanande kompisisjonane som skapar nye og spanande konsertopplevingar på kvar konsert. Trioen består av Håvard Ersland (piano), Stian Andreas Egeland Andersen (kotrabass) og Axel Skalstad (trommer).
    Billett kr 200. Førehandssal av billettar, betal til vipps nr 510121 og merk betalinga med Håvard Ersland Trio. Det vert også sal av billettar i døra. Gratis for ungdom med fritidskort.


TORSDAG 14.OKTOBER

  • Teiknetid med Hilde Thomsen på Hjelmeland bibliotek kl.10-12 for dei som er mellom 6 og 9 år. ️Tema er «dyr» og ein teiknas ved å bruka poteter og farge-blyanter. Gratis. Påmelding til epost biblioteket@hjelmeland.kommune.no.  



  • Konsert med sangar og songskrivar Maria Toresen frå Sandeid kl 19-20.30 på Spinneriet. Ho debuterte med det vakre og lågmælte albumet ”Birds don`t tell” i 2015 og følgte opp med "Alle Små ting'" i 2018. Ein smakebit av hennar nydelege musikk finn ein her:  All over the news - YouTube . Inngong kr 200,- Gratis for ungdom med fritidskort.


FREDAG 15.OKTOBER

  • Tur til Suldal bad. Her kan ein boltre seg i fleire basseng, klatrevegg, WIBIT-hinderbane, sklie, badstove og velværeavdeling. Forfriskningar og snacks kan kjøpas i den trivelege kaféen, og badebutikken badeklede, svømmebriller, baderingar og anna utstyr til sals. Ferjeavgang frå Hjelmeland kl. 10.20. Ankomst Hjelmeland kai kl. 15.33. Gratis for familiar med fritidskort. Påmeldingfrist 7.oktober. For påmelding og meir informasjon: Hjelmeland frivilligsentral - Tur til Suldal bad, 15.10.2021 
     


  • Kodeklubben kl 19-21 på Hjelmeland samfunnshus. Ta med iPad eller PC, og møt andre som er interesserte i koding. Her kan du læra å skriva programkode, og koda dine eigne spel og program. Målgruppe: 10–16 år. Registrering og påmelding på Spond: https://club.spond.com/landing/signup/hjelmelandsh 

  • Fisterpub frå kl 20 på Fister klubbhus. 18 års aldersgrense og begrenset antall. Påmelding med fullt navn til May Brit på mob. 41631816. Obs! Kun kortbetaling. 


LAURDAG 16.OKTOBER

  • Haustutstilling & kafé hos Galleri Hagalid kl. 12-17. Dobbel separatutstilling med bildekunstnar Tom Erik Andersen frå Drammen og Rita Sørby frå Kragerø med skulpturelle arbeide i porselen.


SUNDAG 17.OKTOBER

  • Haustutstilling & kafé hos Galleri Hagalid kl. 12-17. Dobbel separatutstilling med bildekunstnar Tom Erik Andersen frå Drammen og Rita Sørby frå Kragerø med skulpturelle arbeide i porselen.

  • Kino "PAW patrol: filmen" kl. 17.00 på Hjelmeland samfunnshus. Gjer deg klar for spennande oppdrag saman med Ryder og valpane kor alt står på spel og dei må stoppe borgermeister Humdinger frå å velte byen i fullstendig kaos. Aldersgrense med begrunnelse: Filmen inneholder enkelte dramatiske scener. Da disse scenene foregår i en trygg ramme, får filmen aldersgrense tillatt for alle.            
  • Kino "James Bond: No time to die" kl. 19 på Hjelmeland samfunnshus. Freden blir kortvarig når hans gamle venn Felix Leiter fra CIA dukker opp og ber om hjelp. Oppdraget med å redde en kidnappet forsker viser seg å være langt mer risikabelt enn forventet, og leder Bond på sporet av en mystisk skurk bevæpnet med farlig ny teknologi. 


HEILE HAUSTFERIEN

  • Hjelmeland bibliotek har ope heile haustferien, frå måndag-fredag kl 10-15.30. Langope til kl 18.30 på onsdag. Her kan ein låne bøker og levera dei hos andre bibliotek viss ein ynkjer det.

  • Leige av utstyr frå Frilager. Ein kan bestilla utstyr på www.frilager.no eller leige kano og SUP som allereie  finns ved Frilager-boden i Hjelmelandsvågen. Hugs at det utstyret vi ikkje har fast i utstyrslageret i Hjelmeland, må bestillast via nettsida til Frilager minimum 2 dagar før hentedato.

  • Turtips og turkart kan du finna blant anna hos turistinformasjonen i Hjelmeland bibliotek eller via desse lengene Hjelmeland Naturlegvis | Turforslag , Turstiar - Hjelmeland kommune og Kodejakta - Hjelmeland kommune 


Sjekk også kalenderen Kva skjer i Hjelmeland på nettsida til Hjelmeland kommune.


2024 © Hjelmeland frivilligsentral