Sommaraktivitetar for barn og ungdom

I år vert det fleire kjekke sommaraktivitetar. Hjelmeland kommune kjem til å ha to aktivitetsguidar som skal leia aktivitetane og gjere friluftsutstyr meir tilgjengeleg gjenom frilager.no. Kommunen har fått tilskot frå Bufdir og Gjensidigestiftelsen for å gjennomføre dette.

Her er  sommarferieaktivitetar arrangert etter gjeldane smittevernreglar, klikk deg inn på aktivitetane for å kome til påmeldingsskjema. 

NB: Påmeldingsfrist 28. juni.

23. Juni- 28. juli: Pop up aktivitetar for ungdom som har fullført 6. klasse og eldre. Aktivitetene skjer i Hjelmelandsvågen og blir leia av Mari Hetlesæter og Benjamin Tveit Strømsvold kvar måndag, tysdag, onsdag kl 10.00-14.00 i perioden 23.juni til 28. juli. Dei skal også gjere friluftsutstyr frå frilager.no meir tilgjengeleg for familiar/ barn og ungdom i Hjelmeland.

24. og 25. juni: Aktivitetsdagar med dans i Hjelmelandsvågen  NB frist for påmelding til dans er 23. juni.

9. juli: Familietur til Kongeparken

15.  - 16. juli Overnattingstur til Trodla Tysdal

22. juli: Familietur til Nedstrand klatrepark

23. juli: Familietur til  Suldal bad med museumsbesøk

29. og 30. juli: Aktivitetsdagar på Furutangen


I tilllegg til dette vert det også sommarferieaktivitetar arrangert av frivillige organisasjonar i Hjelmeland:

  1. Hjelmeland idrettslag fotballskule 22. og 23. juni, påmeldingsfrist 16. juni.
  2. Sankefestivalen ved Hjelmeland turlag 26. og 27. juni. Husk påmelding til Hjelmeland Turlag.
  3. Speidarleir i Trodla Tysdal ved Hjelmelandspeiderne 23.- 27. juni.
  4. Full fart aktivitetsveke ved Hjelmeland idrettslag 12.-18. august, påmeldingsfrist 10. juli.


2024 © Hjelmeland frivilligsentral