-
Bli frivillig
frivillig Hjelmeland Fister Årdal Randøy Ombo Jøsneset Jøsenfjorden Vormedalen
Teieplikt
Alle frivillige ved Hjelmeland Frivilligsentral har teiepliktTeieplikterklæring
Dette er ei standard teiepliktserklæring som gjeld for frivillige ved landets frivilligsentralar.
Teieplikterklæring
Som frivillig pliktar eg meg herved til ikkje å bruke, openberre, utlevera eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkommande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjent med i mitt arbeid i tilknytning til frivilligsentralen.
Eg vil også vise aktsomhet i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarar under mitt arbeid.
Personlege opplysningar som er gitt av ein brukar i samanheng med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykkje frå brukaren nyttast internt.
Eg er klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er tilknytt frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta.
Som frivillig pliktar eg meg til å:
- seie frå når eg er sjuk, eller av annan grunn er hindra frå å kome.
- seie frå når noko ikkje fungerer
- seie frå når eg ikkje kan fortsetje mitt engasjement, også ferie/ opphald
- seie frå når eg vil slutte
Eg er kjent med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgjingsansvar og derved har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går.
Relevante lovstader
Teieplikta sitt omfang
Teieplikta gjeld helse- og sjukdomsforhold, følelsesliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomiske situasjon, fødestad, personnummer, statsborgerskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukeren gir opplysninger til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadevirkning for den det gjeld.
Bruk på nett
Teieplikterklæringa gjeld også dersom den frivillige har stadfesta at den er akseptert gjennom å krysse av på ei hake ved registrering av frivillig på nett.