Datatreff Har du spørsmål om bruk av mobiltelefon, pc eller nettbrett? Ta med problemet eller stikk innom for ein dataprat over ein kopp kaffi.
Eldre hjelper eldre Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
Frilager.no utlån av friluftsutstyr Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/
Hjelmelandsven Hjelmelandsven -bidra med det du kan! Bli betre kjent med Hjelmeland i lag med ein ny ven. Her kan du byggje nettverk og få gode opplevingar saman med andre Hjelmelandsbuar. Ta kontakt med Frivilligsentralen dersom du vil bli Hjelmelandsven eller har noko anna du kan bidra med i ditt nærmiljø.
Lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune har laga ei ny oversikt over frivilige lag og foreninger i Hjelmeland den fin du på denne nettportalen: https://hjelmeland.foreningsportal.no/foreninger
Onsdagskafé På Årdal omsorgssenter er det kafe onsdagar kl 11.30. Her kan du treffe andre for ein drøs og få kjøpe deg eit middagsmåltid. Ope for alle og fri entré. Dette skjer i perioden 18. januar til 29. mars.
Open kafé i "Det grøna rommet" Velkomen til eit sosialt treffpunkt i Vågen. Sal av kaffi og himabakst. "Det grøna rommet" er på kommunehuset i Hjelmelandsvågen. Ope kvar onsdag kl 13.30-16.00. Kafeen vert drive av frivillige. Oppstart 18. januar 2023. Arrangør: Frivilligsentralen.
Open møteplass for eldre Velkomen til open møteplass for eldre på Hjelmeland omsorgssenter kvar fredag kl 11.00-13.00. Her kan du sitje ned og ta ein drøs. Me tilbyr også eit måltid mat for kr 100. Betal med vipps eller kontant. Ope for alle. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.
Pensjonistklubben/ Sosial hobbyverkstad Ope for alle vaksne som likar å snekre. Du kan også kome innom for ein prat over ein kopp kaffi. I over 20 år har det vore Sosial hobbyverkstad på Hjelmeland.
Styremøte Hjelmeland Frivilligsentral Desse sit i styret for Hjelmeland Frivilligsentral: Styreleiar Harald Ommundsen. Grete Gauthun Olsen. Camilla Haug Flem. Egil Hovda. Gryta Krasikoviene. Vara som møter fast: Svanhild Hjorteland Gbada. Observatør med møte- og talerett: kulturleiar Magnar Riveland .
Tips til stader der lag og organisasjonar kan søkje om tilskot Her er nokre stader der organisasjonen din kan søkje om tilskot: