09.15 - 16.30: Tur til Nordens råaste actionsportpark Forus, Stavanger Playground har skatepark, klatring, trampoline, nettpark og høgdepark. Dette er Nordens råaste actionsportpark. Du kan bli med enten du er nybegynnar eller har halde på med actionsport tidlegare. Me har dette som tilbod for ungdom som er ferdig med 7. klasse og opp til og med 24 år.
08.15 - 16.30: Tur til Saudahallen Sauda Aktivitetsdag til Saudahallen. Bli med på ein kjekk tur til Sauda. Påmeldingsfrist 22. juni.
09.15 - 16.30: Bølgjesurfing med Surfschool På Jæren Surfschool stiller med instruktør og utstyr. Surfing skjer på Solastranden på ei strand med best bølgjer. Dette er for ungdom som er ferdig med 7. klasse og opp til og med 24 år. Bilete på denne sida er ved fotograf: Mykhailo Babkin.
08.00 - 18.00: Tur til Kongeparken. Kongsgata 20, Ålgård Reise: Buss frå Hjelmeland v/Hjelmeland kyrkje 0800, Fister 8.15, Årdal v/Årdal skule 0830, til Kongeparken 10.00 Retur med buss frå Kongeparken 16.00, ankomst Hjelmeland kl. 1800. Buss er ved Jøsneset transport. Påmeldingsfrist 22. juni.
10.00 - 15.30: Aktiv med Hjelmeland Røde kors Hjelmeland Dette er to aktivitetsdagar med Hjelmeland Røde kors. Dette er for ungdom som er ferdig med 9. klasse og opp til 25 år. Den som melder seg på må vere med begge dagar.
09.15 - 16.30: Tur til "Fangene på fortet" Stavanger Fangene på fortet er i Stavanger. Dei tilbyr 46 celler/rom med ulike utfordrande og morosame oppgåver ein skal løyse saman som eit lag. Det er behov for alle slags eigenskapar og talent; fysikk, kunnskap og kreativitet. Her får du bruke ditt balltalent, balanse, minne, logikk, styrke, mattekunnskaper, akrobatikk og mykje meir. Påmeldingsfrist 22. juni.
09.15 - 16.30: Bølgjesurfing med Surfschool På Jæren Surfschool stiller med instruktør og utstyr. Surfing skjer på Solastranden på ei strand med best bølgjer. Dette er for ungdom som er ferdig med 7. klasse og opp til og med 24 år. Bilete på denne sida er ved fotograf: Mykhailo Babkin. Påmeldingsfrist 22. juni.
08.30 - 16.30: Tur til Skogsprett aktivitetspark i Sandnes Sandnes klatrepark Skogsprett klatrepark har 5 løyper med totalt 72 elementer og 17 zipliner. I tillegg er det nettpark og andre aktivitetar. Skogsprett er ein aktivitetspark spesielt designa for å lage luftige og spennande naturopplevingar. Påmeldingsfrist 22. juni.