Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis [Hjelmeland] Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette vil seie for deg.

Innleiing

Ved [Hjelmeland] Frivilligsentral er me opptekne av at du skal ha tillit til oss og korleis me handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer me om korleis me hentar inn og, lagrer og bruker personopplysningar. Vårt mål er å vere heilt opne om dei data me samlar inn og gi deg ei forståing for korleis desse dataene vert brukt og evt. deles.

Kva opplysningar me samlar inn og handsamar

Informasjon om våre frivillige

Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidler frivillig innsats. Derfor har me eit register over dei frivillige, der dei frivillige gir sitt samtykkje til lagring av følgjande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
  • Kva aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva oppdrag den frivillige deltek på

Frivillige som ynskjer det, får tilgong til å logge inn på systemet, og kan då sjå kontaktopplysningar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å forenkle kontakten mellom dei frivillige.


Me syt for at alle våre frivillige underskriv teieplikterklæring og innhentar politiattest for dei som skal arbeide med barn og ungdom. I vårt register lagrar me informasjon om teiepliktserklæring og politiattest.

Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar

Når me formidler frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng me å ha kontaktinformasjon om dei som mottar tenestene. Dette vert gjort for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere ei god teneste.

Informasjon om våre deltakarar

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng me av og til å vite kva personar som deltar. Her lagrar me berre kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som vitjar nettsidene våre

For dei som besøkjer våre nettsider, samlar me inn bruksdata for å kunne tilpassa sidene best mogleg. Me nyttar Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressen vert anonymisert ved at vi sletter den siste siffergruppen. All kommunikasjon foregår over sikker forbindelse med https.

Informasjon om dei me er i kontakt med

Me lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei me er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tar me vare på inn- og utgående e-postar for arkivbehov. Hjelmeland Frivilligsentral nyttar Hjelmeland kommune sitt system når det gjeld epost og mobiltelefon.

Kven deler me personopplysningar med?

Me deler informasjon om brukar/tenestemottaker til frivillige der me meiner det er naudsynt. Ellers deler me ikkje personopplysningar med nokon utanfor frivilligsentralen.

Dine rettar

Personar som har personopplysningar hjå [Hjelmeland] Frivilligsentral kan be om fylgjande:

  • Få tilgong til personopplysningar me har om vedkomande
  • Slette opplysningar som me ikkje lengre har grunnlag til å oppbevare
  • Begrense eller stoppe handsaminga av dine opplysningar

Ta gjerne kontakt med oss hvis du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.

Hvis du meiner at me handsamar personopplysningar i strid med personopplysningsloven, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at me kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar.

Kontaktinformasjon

  • [Hjelmeland] Frivilligsentral v/Hjelmeland kommune
  • Org.nr: [864979092]
  • Kontaktpersoner
    • [Åsmund Sigmundstad], dagleg leiar
    • [Harald Ommundsen], styreleiar
  • Telefon: [40439155]
  • E-post: [asmund.sigmundstad@hjelmeland.kommune.no]
  • Adresse: [Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland]


2023 © Hjelmeland frivilligsentral