-
Alle kan vere med på rydding
Hjelmeland kommune vil leggje til rette for ryddedugnader. Me ber om at innbyggjarane følgjer råda frå Hold Norge Rent, Ryfylke friluftsråd og IVAR Renovasjon Ryfylke.
Sommaraktivitetar for barn og ungdom i Hjelmeland
I år er det mange kjekke sommaraktivitetar. Hjelmeland kommune har 6 aktivitetsguidar i fire veker som leiar aktivitetane. Påmeldinga er open frå 16. juni. Fleire av aktivitetane har påmeldingsfrist 24. juni.Aldersgruppe: For alle
Oppfordring til foreldre: Vi vil at alle skal ha det trygt og kjekt i lag, så snakk gjerne med ungane om å følgje reglane, vere greie med kvarandre og bidra til god stemning for alle. Dette fordi me forventer at alle skal bidra med å gjere det trygt for alle å delta.
Fleire av aktivitetane i sommar har eit begrensa tal plassar. Det er viktig at du gir beskjed om du har meldt deg på ein aktivitet, men ombestemmer deg. Det kan vera andre som står i kø for å vera med, og då er det dumt om det er plassar som ikkje blir brukte.
Sommarferieaktivitetane blir arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir og Gjensidigestiftelsen.
Pop-up aktivitetar 30. juni-24. juli
Pop up aktivitetar er for barn og ungdom som har fullført 3. klasse og eldre. Pop up aktivitetene er padling, bading, ballspel og mykje anna kjekt. Pop up aktivitetane har oppmøte ulike stader og blir leia av aktivitetsguidar. Det blir delt inn aldersdelte grupper. Pop up aktivitetane blir desse dagane:
- 30. juni Kick off for 4.-10. klasse kl 18.00-22.00 på klubbhuset på Hjelmeland
- 2. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 4. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 7. juli kl 10-15.30 for 4.-8. klasse.
- 8. juli kl 10-15.30 for 4.-8. klasse.
- 10. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 11. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 14. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 16. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 18. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 21. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
- 23. juli kl 10-15.30 for 4.-10. klasse
Oppmøtestad blir hovedsakleg på Hjelmeland, men nokre dagar kan det bli oppmøtestad Fister eller Årdal. Mange kan bruke rutebuss for å kome seg til og frå aktivitetane.
Det kjem meir informasjon om kva aktivitetar det er snakk om når det nærmar seg. Følg også med på gruppa "Hjelmeland kommune - aktivitetar for barn og ungdom" for å få meir informasjon om aktivitetane.
Aktivitetar med påmelding: Klikk på den aktiviteten du vil vera med på i kalender nedst på denne sida, då kjem du til påmeldingsskjemaet.
Personer med funksjonsnedsettingar
Hvis du har behov for følge eller assistanse for å delta på sommerferieaktivitetane kan du fritt ta med din ledsager. Du kan søkje om støttekontakt via skjema på Hjelmeland kommune si nettside.
Andre sommarferieaktivitetar:
Hjelmeland idrettslag arrangerer fotballskule i sommarferien: 11.-13. august Fotballskule ved Hjelmeland idrettslag barn født 2013-2015. Påmelding til Hjelmeland idrettslag.
Har du spørsmål om sommarferieaktivitetane? Ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf: 40439155. Nedst på denne sida finn du lenker til dei aktivitetane som krev påmelding, klikk på dei grøne lenkene så kjem du til meir info og påmeldingsskjema:
Sommaraktivitetar for barn og ungdom i Hjelmeland
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Man 30.06 | 18:00 | Kick off | Klubbuset Hjelmeland idrettslag, Ramsbu 37, 4130 Hjelmeland |
Tir 01.07 | 09:00 | Tur til Nordens råaste actionsportpark | Lagerveien 2, Stavanger |
Tor 03.07 | 08:15 | Suldal bad og bowling/kino | Suldal Bad og Sand Bowling/kino |
Fre 04.07 | 09:10 | Bølgjesurfing med Surfschool | På Jæren |
Man 07.07 | 10:00 | Aktiv med Hjelmeland Røde kors | Prestegarden 5, 4130 Hjelmeland |
Tir 08.07 | 10:00 | Aktiv med Hjelmeland Røde kors | Prestegarden 5, 4130 Hjelmeland |
Ons 09.07 | 08:00 | Tur til Kongeparken | Kongsgata 20, Ålgård |
Tir 15.07 | 08:30 | Tur til Skogsprett aktivitetspark i Sandnes | Melsheiveien 131, Sandnes |
Ons 16.07 | 09:10 | Bølgjesurfing med Surfschool | På Jæren |
Tor 17.07 | 09:00 | Tur til "Fangene på fortet" | Lagårdsveien 61, Stavanger |
Tir 22.07 | 08:15 | Suldal bad og bowling/kino | Suldal Bad og Sand Bowling/kino |
Tor 24.07 | 18:00 | Underhaldningskveld | Klubbuset Hjelmeland idrettslag, Ramsbu 37, 4130 Hjelmeland |
Del på:
-
Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland
Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland
-
Eg vil bidra som frivillig
Vil du bidra som frivillig i Hjelmeland? Oppgåver kan til dømes vera: Følgjeteneste, aktivitetsven, kafévert, besøksven, praktisk hjelp til arrangement, matomkjøring. Både frivillige organisasjonar og frivilligsentralen treng nye fleire frivillige i alle aldrar.
-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/