Frilager.no utlån av friluftsutstyr

Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/

Aldersgruppe: For alle

Bestilling av utstyr skjer på  Frilager.no

frilager.no kan alle låne friluftsutstyr til turer og arrangement. Vi har plassert utstyr lett tilgjengeleg på fleire aktivitetsstader i heile regionen. I tillegg har vi masse utstyr på nettlager. Når du bestiller frå nettlageret kan du velgje mellom 11 hentestadar i på Nord-Jæren inklusiv Hjelmeland. Vi har to dagars bestillingstid.
Prisane varierer om du bestiller som (er innlogget som) privatperson, frivillige organisasjon eller bedrift.

Slik gjer du:

  1. Gå til utlånsportalen  https://frilager.no/ 
  2. Velg: region: Nord Jæren/ Hjelmeland
  3. Velg: Logg inn/ Registrer. Lag din profil med å registrere ny bruker. Registrer ditt navn, telefon og epostadresse, då får du tilsendt passord. 
  4. Gå til https://frilager.no/ og logg inn på nytt, velg region Nord Jæren/Hjelmeland
  5. Skriv inn i søkefeltet kva du vil låne, klikk på søk, velg det utstyret du treng frå «nettlager». Velg dato/periode du vil låne utstyret. Legg i handlekurv. Gå videre. Merk av at du vil hente/returnere varene sjølv. Velg hentestad. Her kan du velgje hentestad Hjelmelandsvågen. Fullfør bestillinga. 

Privatpersonar må betale eit gebyr for å låne utstyret. 

Alle som treng gratis utstyr får dette gjennom vårt samarbeid med kommunane. Utlån er gratis til barnehagar, skular, frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune. Det er også gratis for barn med fritidskort i Hjelmeland kommune. Dei som har fritidskortet får rabattkode ved å kontakte Hjelmeland frivilligsentral.

Dette er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Hovudmålgruppa er barn og unge. Det er utstyr til både sommar og vinter aktivitetar; til overnatting, skøyting, skigåing, fisking, sykling, leik m.m. Du kan låne utstyr til nett det du likar eller utfordre deg med aktivitetar du aldri har prøvd før!

Hjelmeland kommune samarbeider med idrettslaget når det gjeld utlån av skisko, staver, rulleski og ski til aktive i skigruppa til Hjelmeland idrettslag.


2023 © Hjelmeland frivilligsentral