Oppfriskningskurs for bilførarar over 65 år

Statens vegvesen inviterer alle over 65 år til eit gratis oppfriskningskurs over to dagar. 23. og 24. september blir det kurs på Hjelmeland.

Kvar kursdag varer 3,5–4 timar. Kurset er frivillig og ein hyggeleg måte å friske opp kunnskaper om bilkøyring på. Fleire tusen bilførarar har gjennomført kurset, og erfaringane frå deltakarane er svært positive.

Vi går gjennom ulike temaer som vi diskuterer i fellesskap. Du er sjølv med på å bestemme innhaldet i kurset.

Vi tester verken køyreeigenskapene dine eller kva du kan om trafikkregler. Det er ingen eksamen av noko slag, og du risikerer ikkje å miste førerkortet ditt

Kurset blir på Spinneriet, Hjelmeland. 23. september kl 10.00-14.00 og 24. september kl 10.00-14.00. Det blir enkel servering. Du får også utdelt penn, papir og materiell. Vegvesenet stiller med ein erfaren kurshaldar. Send inn påmelding ved å bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida.

Her er meir info om kurset: Oppfriskningskurs for bilførere over 65 år | Statens vegvesen 

Arrangørar: Statens Vegvesen i samarbeid med Seniorrådet i Hjelmeland og Hjelmeland frivilligsentral.

2024 © Hjelmeland frivilligsentral