-
Alle kan vere med på rydding
Hjelmeland kommune vil leggje til rette for ryddedugnader. Me ber om at innbyggjarane følgjer råda frå Hold Norge Rent, Ryfylke friluftsråd og IVAR Renovasjon Ryfylke.
Fritidskortet og fritidskasse
Fritidskort fritidsaktiviteter alle med auka deltaking i fritidsaktiviteterAldersgruppe: 0 til 18 år
Fritidskortet gir gratis inngang på kommunens arrangement, blant anna familietur til Kongeparken, tur til Suldal Bad, Fullfart aktivitetsveke, medlemskap i Hjelmeland Teater, Hjelmeland E-sport, medlemskap i Hjelmeland idrettslag, kino på Hjelmeland samfunnshus, Ryfest og sommaraktivitetar.
Fritidskortet er for barn/unge mellom 0 og 18 år som av ulike grunnar ikkje har høve til å nytte seg av fritidsaktivitetar.
Kortet gjeld for eit år om gongen, er personleg og kan ikkje nyttast av andre enn den registrerte eigaren. Digitalt søknadsskjema ligg på heimesida til kommunen: www.hjelmeland.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/idrett-og-fritid/fritidskort/
Hjelmeland kommune har også oppretta fritidskasse for å leggje til rette for at fleire barn og ungdom kan vere med i faste organiserte fritidsaktivitetar: Fritidskasse - Hjelmeland kommune
Del på:
-
Eg vil bidra som frivillig
Vil du bidra som frivillig i Hjelmeland? Oppgåver kan til dømes vera: Følgjeteneste, aktivitetsven, kafévert, besøksven, praktisk hjelp til arrangement, matomkjøring. Både frivillige organisasjonar og frivilligsentralen treng nye fleire frivillige i alle aldrar.
-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/
-
Frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland
I foreningsportalen for Hjelmeland finn du kontaktinformasjonen til alle frivillige organisasjonar i Hjelmeland. Har du spørsmål kontakt med Åsmund Sigmundstad på tlf 40439155.