-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
Alle kan vere med på rydding
Hjelmeland kommune vil leggje til rette for ryddedugnader. Me ber om at innbyggjarane følgjer råda frå Hold Norge Rent, Ryfylke friluftsråd og IVAR Renovasjon Ryfylke.Aldersgruppe: For alle
Hjelmeland kommune vil til rette for at innbyggjarane kan delta på ryddedugnader. Kundesenteret på biblioteket i Hjelmelandsvågen deler ut sekker og hanskar som skal brukast til å hente inn avfall.
Kva er ein ryddeaksjon og korleis kan eg bli med?
Etterlat naturen like fin som før: #likefinsomfør (likefinsomfor.no)
11.-20. september 2026 inviterer Hold Norge Rent til strandryddeuka https://holdnorgerent.no/strandryddeuka
Organisasjoner og/eller private kan registrere sin ryddeaksjon på nettsida Rydde: Bli med | Aksjoner - Rydde (ryddenorge.no)
Me inviterer frivillige organisasjonar til å melde seg til strandrydding. I tillegg kan klassekontaktar eller føresette melde på skuleklassar. Pengane kan brukast til ulike miljøtiltak som er utanom skuledrifta. Dette er i samanheng med at den nasjonale strandryddeveka 12.-21. september.
Frivillige lag og organisasjonar eller klassekontaktane melder seg på strandryddinga til postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 15. september. Meld også frå ønske om stader å rydde.
Forslag til aktuelle stader å rydde:
- Svadberg, Mele, Melsosen
- Steinsviga, Nessaviga
- Nordbygda, Hjelmelandsvågen, Sande, Pundsnes, Kleppa, Askvik, Hundsnes, Viganeset, Døvik, Espholmen, Prestholmen, Moldfallet
- Barnevik, Fistervågen, Følsvik, Sandvik, Kjelavik, Tønnevik, Sigmundstad, Mosnes, Mosnesholmane, Grønvik, Skjelsvik, Nordskår, holmane utfor Nordskår
- Helgøy
- Ølesund, Hannkallevika, Øye, Øyehabn, Breivik, Randa, Kådå, Svansholmen, Børøy, Hovda, Krossdal, Sandanger, Kvaløy, Kvaløysundet
- Ørevika, Øygarden, Knutsvik, Skiftun, Apalviga, Nesvik, Bastli
- Eiane, Vindsvik, Tytlandsvik, Dalevika, Haugevika, Ladberget, Segadal, Førre
Retningslinjer for “betaling for dugnad med strandrydding”:
Hjelmeland kommune har sett av penger til dugnadsbetaling for frivillige organisasjonar og klassar. Desse midlane kjem frå havbruksfondet. Utbetalinga blir gjort i forhold til kor mange dugnadstimar som er utført.
Meld på klassen eller den frivillige organisasjonen til postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 15. september. Meld også frå om ønska stader å rydda.
Dei som sender inn rapport etter strandryddinga får utbetalt penger i forhold til antal utført dugnadstimar.
Henting av sekker og hanskar
Frivillige organisasjoner og klassar kan hente sekker og ryddehanskar på Biblioteket i Hjelmelandsvågen.
Periode for rydding
Aksjonen varer frå 11. september.- 18. oktober 2026.
Rapporter til oss på postmottak@hjelmeland.kommune.no om kva strekning som er rydda, antall dugnadstimar, antall personar som deltok og kor mange sekker avfall som vart samla inn. Rapporten må koma til oss innan 1. november 2026.
Utbetalinga skjer i løpet av november.
Her er informasjon om kor innsamla avfall skal leverast lokalt i Hjelmeland:
Ryfylke Friluftsråd: Kan bidra med å hente marint avfall via sjøveien, for å avtale henting kontakt Åsmund Sigmundstad
IVAR Renovasjon Ryfylke: Avfallet leverast gratis til Viganeset avfallsmottak, informer om at det er marint avfall.
Har du meir spørsmål om ryddedugnader kontakt Åsmund Sigmundstad tlf 40439155 på Hjelmeland Frivilligsentral.
Bli med å rydde: holdnorgerent.no
Del på:
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/
-
Fritidskortet og fritidskasse
Fritidskort fritidsaktiviteter alle med auka deltaking i fritidsaktiviteter
-
Frivilligtorg
I Hjelmeland vert det arrangert Frivillligtorg kvart tredje år. Neste Frivilligtorg er laurdag 24. april 2027 på Hjelmeland samfunnshus.
-
Generasjonsleikene 2026
Ynskjer du å vere med som frivillig på Generasjonsleikene 2026? Dette kjem til å bli en kjekk dag fylt med musikk, samhald og god stemning! Alle er velkomne! Ta kontakt med Hjelmeland Frivilligsentral!