Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland
Den kulturelle spaserstokken HjelmelandAldersgruppe: 70 til 105 år
Program 2023
Hjelmeland kommune er for 2023 tildelt kr 15.901 i støtte frå Rogaland fylkeskommune for å gjennomføre programmet for "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland. I tillegg bidreg Hjelmeland kommune med kr 30.000. Det utgjer 5 program i 2023. Målet er at seniorar skal få eit godt, variert og tilrettelagt profesjonelt kulturtilbod. Det er frivilligsentralen som administrerer "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland i samarbeid med omsorgssentra og kulturkontoret.
Her er programmet for 2023:
Treng du skyss til konsertane kan du bestille Seniortaxi: Her er info om ordninga
Evergreens v/Jose Luis Altamirano: Onsdag 18. januar: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00. Konsertane er ope for alle, fri entré.
Her vert det mykje god, gamal og kjent musikk som kan vekke mange gode minner hjå eldre. Jose Luis Altamirano bur på Hjelmeland og arbeidar som musikar/entertainer på fulltid og har lang erfaring. Han syng og spelar piano. Han har spelt for eldre i Hjelmeland med suksess både på omsorgssentra og biblioteket fleire gonger dei siste åra.
Glade triller v/Ståle Strømsvold: Onsdag 22. februar: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00. Konsertane er ope for alle, fri entré.
«Glade triller», eit tilrettelagt musikktilbod. Eit repertuar som er eigna for den eldre aldersgruppa. Songane er kjende frå deira skulegang og oppvekst. Her er mellom anna radioslagarar, lystige folketonar og ikkje minst lokale viser på dialekt. Under opptreden legg han vinn på å få til både dialog og allsong med tilhøyrarane. Mellom songane blir det óg lagt inn humoristiske dikt og regler. Musikaren bur i Årdal og har frå ungdomskulen vore involvert i fleire band og prosjekt, med konsertframføring på dei fleste av Stavanger sine scener. Stilartar har vore alt frå bornemusikk og rock til klassisk.
"Evert Taube" v/Lars Nygaard og Leif Blix: Onsdag 29. mars: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.
Leif Blix: Skuespiller og sanger, tekstforfatter og instruktør. Utdannet i London. Arbeidet ved Den Nationale Scene i Bergen, Nordland teater, Riksteateret og NRK. Medvirket i flere spillefilmer.
Lars Nygaard: Musiker. Elev av trekkspillegenden Toralf Tollefsen. Medvirket på innspillinger både som trekkspiller og bassist med blant andre Stephen Ackles, Elsa Kvamme, Di Derre og Wenche Myhre.
Ekte speleglede v/Rita Fotland Bøe og Kåre Bøe
Onsdag 25. oktober: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.
Musikarane engasjerer dei eldre i svingane god musikk, og får dei med på allsang, der feks Nidelven, Hjem langt mot nord og Nordlandsnetter framstår i svingande ny drakt .Masse humor, genial trekkspelteknikk, og to vokaler som får blodet til å bruse i årene. Ope for alle. Fri entre.
Kjente melodiar v/Istvan Horvath: Onsdag 22. november: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.
Istvan Horvath har lange studier på piano fra Ungarn, i både klassisk og jazz, Er i tillegg aktiv pianostemmer i Rogaland. Har opptrådt mye som entertainer på hotell og skip. I tillegg aktiv som akkompagnatør og artist i Ryfylke.
Del på:
-
Datatreff
Har du spørsmål om bruk av mobiltelefon, pc eller nettbrett? Ta med problemet eller stikk innom for ein dataprat over ein kopp kaffi.
-
Eldre hjelper eldre
Har du litt tid til overs? Kan du tenkje deg å gi ei hjelpande hand til andre eldre i Hjelmeland?
-
Frilager.no utlån av friluftsutstyr
Hjelmeland kommune har inngått samarbeidsavtale med organisasjonen Frilager om utleige av friluftsutstyr. Bestilling av utstyr skjer på nettsida: https://frilager.no/
-
Fritidskortet
Fritidskort fritidsaktiviteter alle med auka deltaking i fritidsaktiviteter
-
Hjelmelandsven
Hjelmelandsven -bidra med det du kan! Bli betre kjent med Hjelmeland i lag med ein ny ven. Her kan du byggje nettverk og få gode opplevingar saman med andre Hjelmelandsbuar. Ta kontakt med Frivilligsentralen dersom du vil bli Hjelmelandsven eller har noko anna du kan bidra med i ditt nærmiljø.