Utstyrsbank opnar igjen den 27. april

Smittervernrutiner: Bestilling av utstyr på nettsida til Hjelmeland kommune elektronisk skjema. Henting av utstyr etter avtale på telefon eller epost. Utstyret skal reingjerast før innlevering. Innlevering etter avtale på telefon eller epost. Utstyr står i "karantene" i utstyrsbanken i 7 dagar før nytt utlån.

Aldersgruppe: For alle

Bestilling av utstyr gjer du her

Lånekontrakt retningslinjer Hjelmeland utstyrsbank

Utlån er gratis til privat personar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune. Dette er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Hovudmålgruppa er barn og unge. Det er utstyr til både sommar og vinter aktivitetar; til overnatting, skøyting, skigåing, fisking, sykling, leik m.m. Du kan låne utstyr til nett det du likar eller utfordre deg med aktivitetar du aldri har prøvd før! Du bestiller utstyret på nettsida til Hjelmeland kommune. Utstyret vert henta etter avtale på Frivilligsentralen i Hjelmelandsvågen.

Utstyr til utlån:

  • Stor bålkjel
  • Sykler 4-7 år, 8-10 år, 10-12 år, ungdom, herre, dame
  • Krokket spel
  • Badminton
  • Regntøy, small medium large
  • Støvler 37, 38
  • Liggjeunderlag
  • Sitjeplater
  • Bilseter til barn
  • Flytevester til ungdom, vaksne
  • Redningsvester til 1-6 år
  • Kart Hjelmeland
  • Kartmapper
  • Kompass
  • Hovudlykter
  • Telt 4 personar
  • Telt 2 personar
  • Ryggsekker
  • Dagstursekker
  • Termos
  • Lakenposer
  • Soveposer
  • Luftmadrasser
  • Volleyball
  • Fotball
  • Bæremeis
  • Førstehjelpsvesker
  • Eithjulssykkel
  • Rockeringer
  • Ringspel

 

  • Skøyter str 31-34, 35-38, 39, 40, 41, 42, 43, 44
  • Snøspade
  • Ski (Smørefrie) 120cm,130cm, 140cm, 150cm, 160cm, 172cm, 179cm, 184cm, 189cm, 197cm, 202cm
  • Skistaver, ulike lengder Tips til val av lengde på ski og stavar
  • Skisko str 30, 31, 32, 33, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 41, 42, 43, 44
  • Ski (skøyting og klassisk) 152 cm, 157 cm, 162 cm, 167 cm, 172 cm, 182 cm
  • Skisko Alpina R combi JR str 33, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 41, 42
  • Skibukser 7-16 år, M, L, XL, 12, 16
  • Akebrett
  • Snøkjelke
  • Barnepulk, her er tips og råd om bruk av fjellpulken Informasjon frå DNT om pulktur med barn sjå HER.

 

  • Fjellsko 30, 31, 32, 33, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 41, 42, 43, 44
  • Turbukse herre 36, 38, 40, 42, 44
  • Allværsjakke herre s, m, l, xl
  • Turbukse dame s, m, l, xl
  • Allværsjakker dame 36, 38, 40, 42, 44
  • Turbukse barn 8, 10, 12, 14 år
  • Allværsjakke barn 8, 10, 12, 14 år
  • Kne og albuebeskyttelse S, M, L


  • Barnesete til bruk i bil


Skal du ha barneselskap heime og mangler stoler og bord?

Du kan låne inntil 30 samanleggbare stolar

Du kan låne inntil 4 samanleggbare runde bord

Informasjon om utstyrsbanken

Hjelmeland kommune har i 2017, 2018 og 2019 fått penger til utstyrsbank. Me har fått penger til dette frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Den 9. januar 2018 vart utstyrsbanken offisiellt opna av ordføraren. Utstyrsbanken er på Hjelmeland Frivilligsentral i Hjelmelandsvågen.

Hjelmeland kommune fekk i desember 2018 kr 25.000 frå Sparebankstiftelsen SR bank til innkjøp av sport og fritidsutstyr til utstyrsbanken.

Husk alltid å bestille utstyr på førehand, du bestiller ved å fylle ut dette skjema på kommunen si nettside.

Utlån er gratis til privat personar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune. Dette er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Hovudmålgruppa er barn og unge. Det er utstyr til både sommar og vinter aktivitetar; til overnatting, skøyting, skigåing, fisking, sykling, leik m.m. Du kan låne utstyr til nett det du likar eller utfordre deg med aktivitetar du aldri har prøvd før!

Velkommen til å sende oss ein låneførespurnad. Utlånstid er 1 veke.

Flere aktiviteter

Aktiviteter/ tilbod

Hva skjer Kva skjer Arrangement Hjelmeland

Den kulturelle spaserstokken i Hjelmeland

Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland

Eg kan bidra som frivillig

Mange innbyggjarar er no mellombels isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene, eller fordi dei sosiale og kulturelle tilboda dei vanlegvis nyttar seg av er lagt ned. Kanskje du vil hjelpe til å få gjort unna småærend eller kanskje berre ringje nokon for å sjekke at alt går greit? Fyrste fase er å kunne kartleggje behov og kven som vil bidra. Meld gjerne frå dersom du vil bidra på skjema som ligg på fremst på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Ikkje send taushetsbelagte eller sensitive opplysninger via dette skjemaet.

Eg treng annan hjelp

Mange innbyggjarar er no mellombels isolert frå sine vanlege nettverk på grunn av koronaviruset. Enten fordi dei er i karantene, eller fordi dei sosiale og kulturelle tilboda dei vanlegvis nyttar seg av er lagt ned. Kanskje du treng hjelp til å få gjort unna småærend eller kanskje berre at nokon ringjer til deg for å sjekke at alt går greit? Fyrste fase er å kunne kartleggje behov og kven som vil bidra. Meld gjerne ditt behov for assistanse/hjelp på skjema som ligg fremst på nettsida til Hjelmeland Frivilligsentral. Ikkje send taushetsbelagte eller sensitive opplysninger via dette skjemaet.

Ferietilbod

Ferie ferietilbod aktivitetar fritid leir Hjelmeland Rogaland

2020 © Hjelmeland frivilligsentral