Taushetserklæring

Personer som tar oppdrag for frivilligsentralen må ha akseptert taushetserklæring.

Teieplikterklæring

Som frivillig pliktar eg meg herved til ikkje å bruke, openberre, utlevera eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkommande informasjon om alle personlege opplysningar som eg er blitt kjent med i mitt arbeid i tilknytning til frivilligsentralen.

Eg vil også vise aktsomhet i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarar under mitt arbeid.

Personlege opplysningar som er gitt av ein brukar i samanheng med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykkje frå brukaren nyttast internt. 

Eg er klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er tilknytt frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta.

Som frivillig pliktar eg meg til å: 

  • seie  frå når eg er sjuk, eller av annan grunn er hindra frå å kome. 
  • seie frå når noko ikkje fungerer 
  • seie frå når eg ikkje kan fortsetje mitt engasjement, også ferie/ opphald 
  • seie frå når eg vil slutte

Eg er kjent med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgjingsansvar og derved har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lovstader

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta gjeld helse- og sjukdomsforhold, følelsesliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomiske situasjon, fødestad, personnummer, statsborgerskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukeren gir opplysninger til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadevirkning for den det gjeld.

Bruk på nett

Teieplikterklæringa gjeld også dersom den frivillige har stadfesta at den er akseptert gjennom å krysse av på ei hake ved registrering av frivillig på nett.


2024 © Hjelmeland frivilligsentral