Onsdag 21 September 2022
Kl. 19:00 - 20:00, Spinneriet
Vil du vera frivillig? Kom på informasjonsmøte
Denne kvelden får du informasjon om ulike stader der du kan bidra med å vere frivillig. Henrik Grønvik informerer om Ope klubbhus som er eit nytt tilbod ved Hjelmeland idrettslag. Åsmund Sigmundstad informerer om frivilligsentralen og andre frivillige lag.
  • Frivillig innsats er viktig for samfunnet vårt. Me ynskjer å vera ein kommune som legg til rette for deltaking og engasjement.
  • Det trengs frivillige blant anna til "Ope klubbhus", språkkafé for fleirspråklege og aktivitetar for eldre.
  • Som frivillig får du inga løn i form av pengar, men mange opplev å få mykje igjen for det i form av gode opplevingar, kjensle av å vera ein del av eit fellesskap og til hjelp for andre. Når du er frivillig avgjer du sjøl kva du vil gjere, og kor mykje tid du vil bruke på det. 
  • I Hjelmeland har me mange frivillige lag og organisasjonar som ein kan engasjere seg i. Vår  frivilligsentral har også alltid plass til og bruk for fleire frivillige. 
2025 © Hjelmeland frivilligsentral