Dei som vil kan kjøpe middag med dessert og kaffi for kr 160 pr person. Hugs bestilling av middag helst ei veke før. Klikk på aktuell dato nede på denne sida og send inn bestilling.
Betaling via vipps til nr 510120 eller kontant den dagen du er på onsdagskafeen. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.
Treng du skyss til onsdagskafé kan du bestille Seniortaxi: Her er meir informasjon om ordninga.
Program første halvår 2025:
29.1 Ryfylkemuseets Venneforening v/Eli Nessa og Einar Schibevaag
05.2 Kommunedirektør Janne Johnsen fortel om sitt arbeid i Hjelmeland og om tida før
12.2 Konsert «To eldre herrer» v/Anders Smith og Peter Sigmundstad
19.2 «50 år i Årdal» v/Arild Boganes
26.2 Årdal på 1960 talet. Visning av biletserie laga av Olav Austigard.
05.3 Norsk Folkehjelp Strand fortel om si hytte og arbeid på Lyngsheia
12.3 Forfattar av Årdalsboka: Merete Sønsterud
19.3 Trekkspelmusikk v/Johan Hiim
26.3 Artige historier frå jakt og fiske v/Arne Kleppa
02.4 Musikk ved Arnes: Arne Breiland, Grete Meltveit og Stig Meland.
09.4 Mette Ingvaldstad fortel frå sitt arbeid som kyrkjeverje i Hjelmeland