Som refleksambassadør skal du dele ut refleksar. Her er forslag til kor du kan stå og dele ut refleksar:
-Ved den lokale butikken på morgonen eller ettermidagen.
-Ved skulevegen.
-På den lokale møteplassen i bygda.
-Før og etter fotballtrening
Kunstnar og forfattar Maud Angelica Behn har designa årets refleks for Trygg Trafikk. Målet er å få endå fleire til å bruke refleks i trafikken. Den unge kunstnaren takka ja til oppdraget frå Trygg Trafikk i vår og har brukt tida flittig for å designe sin første refleks.
– Me er takknemlege for at Maud Angelica ville vera årets refleksdesignar. Ho er ei tydeleg stemme for dei sårbare i samfunnet, og det passar perfekt med den sårbarheten me ser hos mjuke trafikantar. Det skal vera trygt i trafikken, også for dei mjukaste trafikantane. Me trur at Maud Angelicas refleksdesign vil bidra til det, seier Ann-Helen Hansen kommunikasjonsrådgivar i Trygg Trafikk.
Hjelmeland frivilligsentral har samarbeidsavtale med Trygg Trafikk og er derfor med for å markere refleksdagen i Hjelmeland.