Onsdag 6 Mars
Kl. 14:00 - 14:45, Hjelmeland omsorgssenter
Musikk til trøyst og glede
Konsert med Morten Samuelsen. Med sin særeigne varme i stemmen og ein unik formidlingsevne har Morten Samuelsen nådd mange hjarter med sin song. Han har sunge sidan han var 8 år og har fleire ulike cd produksjonar bak seg både i grupper og som solist. Sidan november 2016 har han fått leva ut musikkdraumen på heiltid. Han er mykje brukt som solist i gravferd og brudlaup og reiser mykje rundt i heile Norge med ulike konsertkonsept. Morten er godt kjent i Hjelmeland. Ope for alle. Fri entré. Arrangør: Hjelmeland kommune med støtte frå fylkeskommunen.

Program 2024

Hjelmeland kommune er for 2024 tildelt kr 20.000 i støtte frå Rogaland fylkeskommune for å gjennomføre programmet for "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland. I tillegg bidreg Hjelmeland kommune med kr 31.000. Det utgjer 5 program i 2024. Målet er at seniorar skal få eit godt, variert og tilrettelagt profesjonelt kulturtilbod. Det er frivilligsentralen som administrerer "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland i samarbeid med omsorgssentra og kulturkontoret. 



Her er programmet for 2024: 

Treng du skyss til framsyningane kan du bestille Seniortaxi: Her er info om ordninga

"Mors hemmelighet" Lars Nygaard: Onsdag 14. februar: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.  Framsyninga er ope for alle, fri entré. 

Ivar Nygaard bur i Sandnes hans framsyningar er ulikt det meste, med sine små historier i lange linjer og mange detaljer. Med kreative krumspring og spennande persongalleri. Han fortel med glede, er nysgjerrig og kunnskapsrik. Ein mann å lytte til og kose seg med, gruble litt rundt, kanskje humre litt av og undres over. Hans kunst er prega av interesse for historie, lyst til å eksprimentere og utforske metoder og tema. Han er utdanna blant anna innan kunst og kulturvitskap og har lang erfaring som forteljar.

"Musikk til trøst og glede" Morten Samuelsen: Onsdag 6. mars: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.  Konsertane er ope for alle, fri entré.

Med sin særeigne varme i stemmen og ein unik formidlingsevne har Morten Samuelsen nådd mange hjarter med sin song. Han har sunge sidan han var 8 år og har fleire ulike cd produksjonar bak seg både i grupper og som solist.

I 2011 kom han ut med sin første solo-cd med bla fleire kjente klassiske songer.  Albumet  "Til Trøst" kom ut i september 2019. Hans siste album "Med heile sjelå" kom ut juli 2021, med sjølvskrivne songer. I 2023 har Morten gitt ut 2 nye singlar.  Morten har i fleire år arrangert sine eigne konsertar, vore med på musicaler og delteke på ulike arrangement og konferansar. 

Våren 2015 deltok han i Norske Talenter og framførte bla songen "Bring Him Home" som rørte heile Norge. Våren 2016 var han med ei gruppe frå Stavanger Symfoniorkester på fleire konserter rundt i Rogaland. 

Sidan november 2016 har Morten fått leva ut musikkdraumen på heiltid. Han er mykje brukt som solist i gravferd og brudlaup og reiser mykje rundt i heile Norge med ulike konsertkonsept. Morten er godt kjent i Hjelmeland.

"Tonar på blå resept" Rita Sørensen og Jose Luis Altamirano: Onsdag 3. april: Årdal omsorgssenter kl 11.30 og Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.  Konsertane er ope for alle, fri entré. 

Rita Sørensen bur på Hjelmeland og er aktiv som solist i ulike samanhengar. Hennar stemme er godt kjent i Hjelmeland. José Luis Altamirano bur på Jøsneset og jobbar på fulltid som musikar. 

Syng og bli glad v/Ståle Strømsvold: Onsdag 30. Oktober

Kl 11.30 Årdal omsorgssenter

kl 14.00 Hjelmeland omsorgssenter

«Syng og bli glad», eit tilrettelagt musikktilbod. Eit repertuar som er eigna for den eldre aldersgruppa. Songane er kjende frå deira skulegang og oppvekst. Her er mellom anna radioslagarar, lystige folketonar og ikkje minst lokale viser på dialekt. Under opptreden legg han vinn på å få til både dialog og allsong med tilhøyrarane. Mellom songane blir det óg lagt inn humoristiske dikt og regler. Ståle er godt kjent i Hjelmeland fordi han tidlegare budde og arbeidde her, no bur han i Stavanger og har frå ungdomskulen vore involvert i fleire band og prosjekt, med konsertframføring på dei fleste av Stavanger sine scener. Stilartar har vore alt frå musikk for barn og rock til klassisk.

"The Unforgettables" v/Dag Bjørnsen og Istvan Horvath: Onsdag 9. oktober

Årdal omsorgssenter kl 11.30. Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.

Istvan Horvath har lange studier på piano fra Ungarn, i både klassisk og jazz. Han bur på Hjelmeland og arbeider som pianostemmer i Rogaland. Har opptrådt mykje som entertainer på hotell og skip tidlegare år. No er han aktiv som akkompagnatør og artist i Ryfylke. Dag Bjørnsen er kjent lokalt som solist i Hjelmeland storband.


2024 © Hjelmeland frivilligsentral