Lørdag 19 Oktober 2024
Kl. 12:00 - 15:00, Spinneriet og Hjelmeland idrettsanlegg
Frivilligtorg
Målet med Frivilligtorg er å vise fram det mangfaldige utvalet av Frivillige organisasjonar i Hjelmeland. Her kan du bli kjent med både lokale og regionale organisasjonar. Frivilligtorg blir arrangert kvart tredje år.

Program:

kl 12.00 Opning av Frivilligtorg av ordførar Anita Husøy Riskedal på Spinneriet+ song ved Rygjaljom

kl 12.00-15.00 Stands ved Frivillige organisasjonar på Spinneriet og open dag ved Hjelmeland idrettslag på fotballbanen og rulleskiløypa. Det blir premiering av dei stands som presenterer sin organisasjon på best måte. Jury: Ordførar Anita Husøy Riskedal, Dagfinn Svadberg Hatløy, kulturleiar Magnar Riveland. Det blir tre premiar:

  1. Den stand med best info om organisasjonen, kr 2000
  2. Den stand med best kreativ aktivitet for barn og ungdom, kr 2000
  3. Den stand som best formidlar at dei vil ha fleire med i organisasjonen, kr 2000

Utstyr: Kvar stand får eit bord og tre stolar. Dei som vil ha stand ute ved Spinneriet får popuptelt med bord og benker. Spørsmål? ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155.

Dei organisasjonane som vil ha stand på eller ved Spinneriet må sende inn påmeldingskjema nedst på denne sida.

Her er liste over dei organisasjonane som deltar på Frivilligtorg:

  1. Strand og omegn revmatikerforening
  2. ADHD Ryfylke lokallag
  3. Ryfylkegruppa av Norsk radio og relæliga
  4. Ukrainsk forening Rogaland 
  5. FRI Rogaland
  6. Den norske kyrkja: Årdal, Fister og Hjelmeland sokn
  7. Holy riders MC Racing
  8. Furutangens venner
  9. Hjelmeland turlag
  10. Hjelmeland sogelag
  11. Hjelmeland skytterlag
  12. Hjelmeland Mållag
  13. Hjelmeland Lions
  14. Hjelmeland bygdekvinnelag
  15. Hjelmeland idrettslag
  16. Rygjaljom
  17. Hjelmeland kommune, Seniorrådet og Frivilligsentralen
Påmelding er stengt
2025 © Hjelmeland frivilligsentral