Onsdag 30 Oktober 2024
Kl. 14:00 - 14:45, Hjelmeland omsorgssenter
"Syng og bli glad" konsert med Ståle Strømsvold
Den kulturelle spaserstokken Hjelmeland

Program 2025

Hjelmeland kommune er for 2025 tildelt kr 15.922 i støtte frå Rogaland fylkeskommune for å gjennomføre programmet for "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland. I tillegg bidreg Hjelmeland kommune med omlag kr 30.000. Det utgjer 4 program i 2025. Målet er at seniorar skal få eit godt, variert og tilrettelagt profesjonelt kulturtilbod. Det er frivilligsentralen som administrerer "Den kulturelle spaserstokken" i Hjelmeland i samarbeid med omsorgssentra og kulturkontoret. 



Her er programmet for 2025: 

Treng du skyss til framsyningane kan du bestille Seniortaxi: Her er info om ordninga

Bjørn Kallevig. Mitt hjerta er ditt.

"Tonar på blå resept" Rita Sørensen og Jose Luis Altamirano: 

Rita Sørensen bur på Hjelmeland og er aktiv som solist i ulike samanhengar. Hennar stemme er godt kjent i Hjelmeland. José Luis Altamirano bur på Jøsneset og jobbar på fulltid som musikar. 

Syng og bli glad v/Ståle Strømsvold: Onsdag 30. Oktober

Kl 11.30 Årdal omsorgssenter

kl 14.00 Hjelmeland omsorgssenter

«Syng og bli glad», eit tilrettelagt musikktilbod. Eit repertuar som er eigna for den eldre aldersgruppa. Songane er kjende frå deira skulegang og oppvekst. Her er mellom anna radioslagarar, lystige folketonar og ikkje minst lokale viser på dialekt. Under opptreden legg han vinn på å få til både dialog og allsong med tilhøyrarane. Mellom songane blir det óg lagt inn humoristiske dikt og regler. Ståle er godt kjent i Hjelmeland fordi han tidlegare budde og arbeidde her, no bur han i Stavanger og har frå ungdomskulen vore involvert i fleire band og prosjekt, med konsertframføring på dei fleste av Stavanger sine scener. Stilartar har vore alt frå musikk for barn og rock til klassisk.

"The Unforgettables" v/Dag Bjørnsen og Istvan Horvath: Onsdag 9. oktober

Årdal omsorgssenter kl 11.30. Hjelmeland omsorgssenter kl 14.00.

Istvan Horvath har lange studier på piano fra Ungarn, i både klassisk og jazz. Han bur på Hjelmeland og arbeider som pianostemmer i Rogaland. Har opptrådt mykje som entertainer på hotell og skip tidlegare år. No er han aktiv som akkompagnatør og artist i Ryfylke. Dag Bjørnsen er kjent lokalt som solist i Hjelmeland storband.


2025 © Hjelmeland frivilligsentral