Fredag 4 Oktober
Kl. 11:00 - 13:00, Spinneriet
Open møteplass
Velkomen til open møteplass på Spinneriet desse fredagane kl 11.00-13.00: 4. oktober, 1. november og 6. desember . Her kan du sitje ned og ta ein drøs. Me tilbyr også middag med dessert og kaffi for kr 120. Betal med vipps eller kontant. Ope for alle. Arrangør frivilligsentralen.

Treng du skyss kan du bestille Seniortaxi tlf 91539703: Her er meir info om ordninga.

Me treng også fleire frivillige som vil vere med på å utvikle dette til å vere ein god møteplass. 

Vil du vere med å bidra? Då får du meir informasjon og kan registrere deg via denne linken:

https://frivillig.no/hjelmeland-frivilligsentral/vil-du-vere-med--skape-ein-open-mteplass

Er du interessert kan du også ta direkte kontakt med Frivilligsentralen på tlf 40439155.

2024 © Hjelmeland frivilligsentral