Invitasjon til internasjonal kafe på Spinneriet i Hjelmeland.
Kjære alle saman,
Me har gleda av å invitere dykk til Internasjonal kafe på Spinneriet i Hjelmeland! Temaet for dagen er "Sharing is Caring", og me håper på å få skapa ein varm og inkluderande møteplass for alle i bygda vår.
Ta med litt mat kvar
Me ønskjer at alle tek med litt mat kvar, slik at me kan dela smakar frå ulike kulturar og tradisjonar. Du kan også kome utan å ta med mat, det blir mat til alle. Dette blir ein flott moglegheit til å prøve nye rettar, få gang på smaksløkane og ikkje minst få i gang den gode samtalen.
Me håpar at de alle får ein fin dag saman med oss, fylt med hygge, latter og nye venskap.
Hjarteleg velkomen til ein smakfull og sosial dag!
Arrangør: Flyktningtenesta og frivilligsentralen