Torsdag 3 Juli
Kl. 08:15 - 16:30, Suldal Bad og Sand Bowling/kino
Suldal bad og bowling/kino
Aktivitetsdag til Suldal bad og bowling/kino. Bli med på ein kjekk tur til Suldal bad og Sand Bowling/kino! Det er tur både den 3. juli og den 22. juli. Du kan berre vere med på ein av turane!

Hos Suldal Bad finn du fleire basseng, klatrevegg, sklie, badstove og velværeavdeling. Her får du utsikt til både basseng og natur, fjord og fjell.  Har du lyst på noko godt, kan du nyte forfriskingar og snacks i den trivelige kaféen! På Sand kulturhus er det både bowlingbaner, bibliotek kafé og kino.

Me deler gruppa i to, begge grupper får både vere i Suldal bad og Sand Bowling eller kino:

kl 10.00-12.00 Suldal bad, Sand bowling/kino

kl 12.30-14.30 Suldal bad, Sand bowling/ kino

Badereglar - OBS!

Badereglane til Suldal bad finn du her: Badereglar og informasjon | Suldal Bad (suldal-bad.no) 
Det vil seie at foreldra/føresatte ser etter sine barn og at det er maks 3 barn pr badande vaksen. For vår gruppe gjeld også desse reglane:

  • Barn som skal starte i 7 klasse hausten 2025 og yngre barn må ha med ein vaksen (maks 3 barn pr vaksen).
  • Barn som er ferdige med 7 klasse våren 2025 og opp til 17 år må ha med ei godkjenning frå foreldre/foresatte og må vere svømmedyktige.

Reiserute til Suldal bad

  • Buss frå Årdal v/Årdal skule 8.15, frå Fister 8.30, Hjelmeland ferjekai 8.45. Ferje frå Hjelmeland ferjekai kl 9.00. Ankomst Nesvik 9.13. Frå Nesvik 9.13. Til Suldal bad 10.00.

    Reiserute frå Suldal bad
  • Buss frå Sand Bowling/Suldal bad kl 14.30. Ankomst Nesvik 15.30. Ferje frå Nesvik 15.40. Ankomst Hjelmeland 15.53. Til Fister 16.15. Til Årdal 16.30.

Ta med

Hugs å ta med badetøy og handkle! Ta med mat og drikke, men den kan ikkje etas inne i lokala til Suldal bad.

Påmelding

Påmeldingsfrist 24. juni.

Du som er påmeldt her frå Hjelmeland får fri reise med buss og inngong til Suldal bad+ bowling eller kino.  

Våre aktivitetsguider er med heile dagen. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155.

For spørsmål, ta gjerne kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155

Arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir og Gjensidigestiftelsen

Påmelding ved å fylle ut skjema nedanfor:

Påmelding

Det er satt begrensning på 52 plasser.

Skriv inn namn og alder på alle frå din familie som skal vere med
Skriv inn namn og mobil nummer til foreldre
Send
2025 © Hjelmeland frivilligsentral