Torsdag 17 Juli
Kl. 09:00 - 16:30, Lagårdsveien 61, Stavanger
Tur til "Fangene på fortet"
Fangene på fortet er i Stavanger. Dei tilbyr 46 celler/rom med ulike utfordrande og morosame oppgåver ein skal løyse saman som eit lag. Det er behov for alle slags eigenskapar og talent; fysikk, kunnskap og kreativitet. Her får du bruke ditt balltalent, balanse, minne, logikk, styrke, mattekunnskaper, akrobatikk og mykje meir.

Det passer for alle uansett fysisk form. Me har dette som eit tilbod for ungdom som er ferdig med 7. klasse og opp til og med 24 år. 18 stk er påmeldt.

Reis: Rutebuss frå Hjelmeland kl 9.15, Fister kl 9.30, Årdal ved skulen kl 9.45,  til Fangene på fortet kl 11.10.

Retur med rutebuss frå Stavanger kl 15.00, Årdal 16.00, Fisterkrossen 16.11, Hjelmeland 16.28

Du som er påmeldt her frå Hjelmeland får fri reise med rutebuss og fri tilgang til "Fangene på fortet". Ta med nistepakke og drikke. 

Våre aktivitetsguider er med heile dagen. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155.

Arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir og Gjensidigestiftelsen.

Her er meir info: https://stavanger.fangenepafortet.no/

Påmelding ved å fylle ut skjema nedanfor:

Påmelding

Skriv inn navn og alder på barn/ ungdom frå din familie som skal vere med
Skriv inn navn og mobilnr til foreldre
Send
2025 © Hjelmeland frivilligsentral