Onsdag 15 Oktober
Kl. 11:30 - 13:30, Årdal omsorgssenter, Melevegen 136, 4137 Årdal
Onsdagskafé
På Årdal omsorgssenter er det kafe onsdagar kl 11.30. Her kan du treffe andre for ein drøs og få kjøpe deg eit middagsmåltid. Hvis du vil ha middag, hugs å bestille middag seinast ei veke før. Ope for alle og fri entré. Dette skjer i perioden september- desember.

Dei som vil kan kjøpe middag med dessert og kaffi for kr 160 pr person. Hugs bestilling av middag helst ei veke før. Bestill ved å sende inn skjema nedst på denne sida.

Betaling via vipps til nr 510120 eller kontant den dagen du er på onsdagskafeen. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.

Treng du skyss til onsdagskafé kan du bestille Seniortaxi: Her er meir informasjon om ordninga

Program andre halvår 2025:

17.09 Song og speleglede v/Jens Borge og Ståle Strømsvold

24.09 Taiwan og Kina i mitt hjerte v/Asbjørn Salthe

01.10  NB: Ikkje onsdagskafe, eldredagen blir markert på "Smaken av Ryfylke" kl 14-17.  

08.10 Seniorar med datavegring- kva går dei glipp av? V/Arild Boganes

15.10 Presentasjon av interessante bøker v/Biblioteksjef Anita Bergøy   + klessalg

22.10 "Mitt hjerta er ditt" Konsert ved Bjørn Kallevig

29.10 Amerika- Hjelmeland, 200 årsjubileum for utvandringa v/Nils Viga Hausken

05.11Korleis halde seg frisk og sprek? v/fysioterapeut Mikael Boado

12.11 Kvinnfolkarbeid på 50- talet v/Tora Liv Thorsen

19.11 "The unforgettables" Konsert v/Dag Bjørnsen og Istvan Horvath

26.11 Å ta vare på tradisjonshandverk v/Leif Harald Jørmeland

03.12 Naturbilete v/Eldfinn Austigard





Påmelding

Send
2025 © Hjelmeland frivilligsentral