Torsdag 16 Oktober
Kl. 07:00 - 17:00, Heile kommunen
Refleksambassadør del ut reflekser
Vil du bli refleksambassadør? Hvis du melder deg som frivillig til å dele ut refleksar på refleksdagen den 16. oktober så får du refleksar til utdeling på frivilligsentralen. Fyll inn skjema nedanfor så kan du bli refleksambassadør, send inn skjema før 10. oktober. Refleksane får du ved å møte opp på frivilligsentralen i Hjelmelandsvågen.

Som refleksambassadør skal du dele ut refleksar. Her er forslag til kor du kan stå og dele ut refleksar:

-Ved den lokale butikken på morgonen eller ettermidagen.

-Ved skulevegen.

-På den lokale møteplassen i bygda.

-Før og etter fotballtrening

Årets refleks fra Trygg Trafikk er designa av Maximus Emrat Dørje på 16 år – eit av dei nyaste stjerneskota på norsk kunsthimmel. Trygg Trafikk lanserer kvart år unike reflekser designa av ein norsk kunstner eller designer.  

Maximus Emrat Dørje (16) – eller Max – føyer seg no inn i rekka av tidligare års profilerte navn som Nico Widerberg, Magne Furuholmen, Vebjørn Sand og Pushwagner – Max’ største inspirasjonskilde.    

– Vi er veldig fornøyd med at Max har tatt over stafettpinnen med å designe årets refleks. Det er ekstra kjekt å ha med ein kunstner som er såpass ung, men likevel så etablert. Sjølv om han framleis er ung, har kunsten hans vel så stor appell hjå vaksne, seier Ann-Helen Hansen i Trygg Trafikk.  

Hjelmeland frivilligsentral har samarbeidsavtale med Trygg Trafikk og er derfor med for å markere refleksdagen i Hjelmeland.


Her er meir info om refleksdagen: Refleksdagen - Trygg Trafikk 

Påmelding

Send
2025 © Hjelmeland frivilligsentral