Bjørn Kallevig er født på Karmøy, men har tilbragt det meste av sitt liv i og rundt Stavanger. Dei fleste har eit forhold til han som underholder i alderen 0-100. Bjørn Kallevig vert rekna som ein av Rogalands fremste visesangere, men sjøl vil han helst ikkje vedgi seg den tittelen.
Kallevig begynte tidleg å traktere gitaren og var oppteken av musikk. Han markerte seg i Stavangers store visemiljø allereide på 70-tallet, både med eigne opptredener, og saman med andre. På denne tida turnerte han mykje med ein visetrio for forsvaret, fylkeskommuner, organisasjoner o.l.
Seinare var han medlem av Bernad Jenkins og Smalhans. Dei fleste husker norsktopphitenlåten "Eg é'kje inn, eg é'kje ud".
Neste plate var med hobbybandet Strengemusikken, der folk som Frank & Rita Eriksen, Britt Synnøve Johansen, Stian Tønnesen fra Tramps og Kjetil Ottesen var med. "Restene" av denne gjengen blei trioen "Den Norske Amerikalinje" (med Bjørn, Frank og Kjetil), som framleis held det gåande. Dei spelar ein nydeleg blanding av viser og rootsmusikk.
Tekstforfatter og Låtskriver:
Han har skrive brorparten av dei norske tekstane til Eriksen (Frank & Rita). Dessutan har artister som Leif & Kompisane, Sigvart Dagsland, Vamp, Kirsten Bråten Berg og Elin Furubotn nytta seg av hans tekstar. Hans tekst til Vamp ("Våken Drøm") er til og med oversett til engelsk og utgjeve i Japan og Hong Kong!!
Du finn Bjørn sine tekstar på over 200.000 cd'er.