Mandag 9 Mars 2026
Kl. 10:00 - 14:00, Spinneriet
Oppfriskingskurs for bilførarar over 65 år.
Statens vegvesen inviterer alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs over to dagar. 9. og 10. mars blir det kurs på Hjelmeland. Påmelding er godt i gang: 16 ledige av totalt 25 plasser.

Kvar kursdag varer 3,5–4 timar. Kurset er frivillig og ein hyggeleg måte å friske opp kunnskaper om bilkøyring på. Fleire tusen bilførarar har gjennomført kurset, og erfaringane frå deltakarane er svært positive.

Vi går gjennom ulike temaer som vi diskuterer i fellesskap. Du er sjølv med på å bestemme innhaldet i kurset.

Vi tester verken køyreeigenskapene dine eller kva du kan om trafikkregler. Det er ingen eksamen av noko slag, og du risikerer ikkje å miste førerkortet ditt

Kurset blir på Spinneriet, Hjelmeland. 9. mars kl 10.00-14.00 og 10. mars kl 10.00-14.00. Send inn påmelding ved å bruke påmeldingsskjemaet nedst på denne sida. 

Kursinnhald

Temaer som ofte går igjen, er

  • vikeplikt
  • rundkjøring
  • veioppmerking
  • lyskryss
  • motorvei
  • lysbruk
  • forbikjøring
  • parkeringsbestemmelser

Her er meir informasjon om kurset: Oppfriskningskurs for bilførere over 65 år | Statens vegvesen 

Arrangørar: Statens Vegvesen i samarbeid med Seniorrådet i Hjelmeland og Hjelmeland frivilligsentral.

Påmelding

Det er satt begrensning på 25 plasser.

Send
2025 © Hjelmeland frivilligsentral