Onsdag 11 Mars
Kl. 11:30 - 13:30, Storstova Årdal omsorgssenter
Onsdagskafé
På Årdal omsorgssenter er det kafe onsdagar kl 11.30. Her kan du treffe andre for ein drøs og få kjøpe deg eit middagsmåltid. Hvis du vil ha middag, hugs å bestille middag seinast ei veke før. Ope for alle og fri entré. Dette skjer frå 28. Januar til 8. April og 23. september til 2. desember.

Dei som vil kan kjøpe middag med dessert og kaffi for kr 180 pr person. Hugs bestilling av middag helst ei veke før. Bestill ved å sende inn skjema nedst på denne sida.

Betaling via vipps til nr 510120 eller kontant den dagen du er på onsdagskafeen. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.

Treng du skyss til onsdagskafé kan du bestille Seniortaxi: Her er meir informasjon om ordninga

Program 1. halvår 2026

  • 28.01 Musikk v/Arne Breiland, Grete Meltveit og Stig Meland
  • 04.02 To eldre herrer v/Anders Smith og Peter Sigmundstad
  • 11.02 Årdal rundt v/Steffen Vadla
  • 18.02 Åleine i naturen; hendingar og erfaringar v/Kjell Gunnar Valheim
  • 25.02 Presentasjon av bøker v/Anita Bergøy
  • 04.03 Erik Bye Konsert v/Kristin Bringaker Kleppa
  • 11.03 Reisemål Ryfylke v/Liv Jorunn Tjelmeland
  • 18.03 Trekkspelmusikk v/Johan Hiim
  • 25.03 Konsert basert på dikt skrive av Sverre Skjævesland og Aasmund O Vinje v/Magne Skjævesland
  • Påske
  • 08.04 Klesbutikken kjem, Seniorshop.no 




Påmelding

Send
2026 © Hjelmeland frivilligsentral