Torsdag 2 Juli
Kl. 08:15 - 16:30, Sauda
Tur til Saudahallen
Aktivitetsdag til Saudahallen. Bli med på ein kjekk tur til Sauda. Billettsalg

I Saudahallen finn du både oppvarma utebad og innebad. Det er 65 meter sklie, klatrevegg og hoppebasseng. kl 11.00-14.00 er me i Saudahallen.

Gratis for alle opp til og med 18 år. Barn som er ferdig med 1. klasse og opp til og med dei som er ferdig med 5. klasse må ha med ein vaksen over 18 år. Vaksne over 18 år må betale kr 300,-  inklusiv buss og inngangsbillett, betales i hoopla billettsystem som er vedlagt.

Badereglar - OBS!

Badereglane til Saudahallen finn du her: Bade trygt i Saudahallen - Saudahallen 
For vår gruppe gjeld også desse reglane:

  • Barn som skal starte i 6 klasse hausten 2026 og yngre barn må ha med ein vaksen (maks 3 barn pr vaksen). Den vaksne må betale kr 300,-
  • Barn som er ferdige med 6 klasse våren 2026 og opp til 17 år må ha med ei godkjenning frå foreldre/foresatte og må vere svømmedyktige.

Reiserute til Saudahallen

  • Buss frå Årdal v/Årdal skule 8.35, frå Fister 8.50, Hjelmeland ferjekai 9.05. Ferje frå Hjelmeland ferjekai kl 9.20. Ankomst Nesvik 9.33. Frå Nesvik 9.33. Til Saudahallen 11.00.

    Reiserute frå Saudahallen
  • Buss frå Saudahallen kl 14.00. Ankomst Nesvik 15.30. Ferje frå Nesvik 15.40. Ankomst Hjelmeland 15.53. Til Fister 16.15. Til Årdal 16.30.

Ta med

Hugs å ta med badetøy og handkle! Ta med mat og drikke.

Påmelding

Påmeldingsfrist 23. juni.

Våre aktivitetsguider er med heile dagen. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155.

Arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir, Rogaland sparebank og Rogaland fylkeskommune.

Påmelding ved å fylle ut skjema nedanfor:

Påmelding åpner 16.06.2026
2026 © Hjelmeland frivilligsentral