Som refleksambassadør skal du dele ut refleksar. Her er forslag til kor du kan stå og dele ut refleksar:
-Ved den lokale butikken på morgonen eller ettermidagen.
-Ved skulevegen.
-På den lokale møteplassen i bygda.
-Før og etter fotballtrening
Årets refleks er designet av Victor Sotberg og Odin Helgheim som saman har skrive og illustrert bokserien Edelmot. I Edelmot handler det om å bli sett som den ein er – å høyre til, finne styrkje og ikkje bli ståande usynleg i eige liv. I trafikken handlar det om å bli sett heilt konkret – særleg i mørket, når det å vere synleg er avgjerande.
Hjelmeland frivilligsentral har samarbeidsavtale med Trygg Trafikk og er derfor med for å markere refleksdagen i Hjelmeland.
Her er meir info om refleksdagen: Refleksdagen - Trygg Trafikk