Onsdag 14 Februar
Kl. 14:00 - 15:00, Hjelmeland omsorgssenter
Mors hemmelighet
Forteljaren Ivar Nygaard, tar oss med på ei spennande reise. Mors hemmelighet handlar om den unge jenta som følgjer draumen om å bli sjukepleiar, trår feil under krigen og blir dømt for landssvik. Framsyninga er ope for alle, fri entré. Arrangert av Hjelmeland kommune med støtte frå Rogaland fylkeskommune.

Ivar Nygaard bur i Sandnes hans framsyningar er ulikt det meste, med sine små historier i lange linjer og mange detaljer. Med kreative krumspring og spennande persongalleri. Han fortel med glede, er nysgjerrig og kunnskapsrik. Ein mann å lytte til og kose seg med, gruble litt rundt, kanskje humre litt av og undres over. Hans kunst er prega av interesse for historie, lyst til å eksprimentere og utforske metoder og tema. Han er utdanna blant anna innan kunst og kulturvitskap og har lang erfaring som forteljar.

2024 © Hjelmeland frivilligsentral