Onsdag 1 Februar
Kl. 11:30 - 13:30, Storstova Årdal omsorgssenter Onsdagskafé
På Årdal omsorgssenter er det kafe onsdagar kl 11.30. Her kan du treffe andre for ein drøs og få kjøpe deg eit middagsmåltid. Ope for alle og fri entré. Dette skjer i perioden 18. januar til 29. mars.

Dei som vil kan kjøpe mat for kr 100 pr person. Hugs bestilling av middag helst ei veke før. Klikk på aktuell dato nede på denne sida og send inn bestilling.

Betaling via vipps til nr 510120 eller kontant den dagen du er på onsdagskafeen. Arrangør omsorgssenteret og frivilligsentralen.

Treng du skyss til onsdagskafé kan du bestille Seniortaxi: Her er meir informasjon om ordninga.

Program første halvår 2023:


01.02 Svanhild Hjorteland Gbada presenterer Hjelmeland Turlag og viser bilete frå turar i Hjelmeland

08.02 Ordførar Anita Husøy Riskedal fortel frå arbeidet som ordførar i Hjelmeland

15.02 Trekkspelmusikk v/Johan Hiim

22.02 Glade triller v/Ståle Strømsvold

01.03 «Djupadalen ein bortgøymd dal i Hjelmeland» Andreas Holkestad Sunde 

08.03 Elena Babkina og Oleksiy Babkin fortel om livet i Ukraina før krigen

15.03 Dag Hovda Sture spel og fortel frå folkemusikk- og dansetradisjonar i Rogaland

22.03 Naturbilete frå Årdal og Hjelmeland v/Harald Liebich

29.03 Evert Taube v/Leif Blix og Lars Nygaard





Påmelding er stengt
2023 © Hjelmeland frivilligsentral