Det er open møteplass i perioden 19. januar til og med 3. mai.
Treng du skyss kan du bestille Seniortaxi tlf 91539703: Her er meir info om ordninga.
Me treng også fleire frivillige som vil vere med på å utvikle dette til å vere ein god møteplass. Me treng frivillige både på dagtid og ettermiddag/kveld. Me treng frivillige til dømes til: Musikalske aktivitetar; song, musikk, dans. Handarbeid, strikking, sying. Treningsaktiviteter inne eller tur ute. Spel; til dømes kort, bingo, quiz e.l. Litteratur, lesing. Snekring, sløyd, reperasjoner. Hagearbeid; i området rundt omsorgssenteret. Eller du har eigne forslag; noko du har lyst å bidra med.
Vil du vere med å bidra? Då får du meir informasjon og kan registrere deg via denne linken:
https://frivillig.no/hjelmeland-frivilligsentral/vil-du-vere-med--skape-ein-open-mteplass
Er du interessert kan du også ta direkte kontakt med Frivilligsentralen på tlf 40439155.