Torsdag 13 Juli 2023
Kl. 08:15 - 16:30, Suldal Bad og Sand Bowling
Tur til Suldal bad og Sand bowling
Aktivitetsdag i til Suldal bad og Sand bowling. For påmelding sjå nederst på denne sida.

Bli med på ein kjekk tur til Suldal bad og Sand Bowling!

Hos Suldal Bad finn du fleire basseng, klatrevegg, sklie, badstove og velværeavdeling. Her får du utsikt til både basseng og natur, fjord og fjell.  
Har du lyst på noko godt, kan du nyte forfriskingar og snacks i den trivelige kaféen! Du finn óg ein badebutikk kor ein kan kjøpe badeklede, svømmebriller, baderingar og anna utstyr. På Sand kulturhus er det både bowlingbaner, bibliotek kafé. Me deler gruppa i to, begge grupper får både vere i Suldal bad og Sand Bowling.

Badereglar - OBS!

Badereglane til Suldal bad finn du her: Badereglar og informasjon | Suldal Bad (suldal-bad.no) 
Det vil seie at foreldra/føresatte ser etter sine barn og at det er maks 3 barn pr badande vaksen. For vår gruppe gjeld også desse reglane:

  • Barn som skal starte i 7 klasse hausten 2023 og yngre barn må ha med ein vaksen (maks 3 barn pr vaksen).
  • Barn som er ferdige med 7 klasse våren 2023 og opp til 17 år må ha med ei godkjenning frå foreldre/foresatte og må vere svømmedyktige.


Prisar 

  • Kr 150 inkl buss, inngong Suldal bad og Sand bowling. Barn med fritidskort gratis.
  • Vipps til 510120 merk betalinga med namn og Suldal.


Reiserute til Suldal bad

  • Buss frå Årdal v/Årdal skule 8.15, frå Fister 8.30, Hjelmeland ferjekai 8.45. Ferje frå Hjelmeland ferjekai kl 9.00. Ankomst Nesvik 9.13. Frå Nesvik 9.13. Til Suldal bad 10.00.



    Reiserute frå Suldal bad
  • Buss frå Sand Bowling/Suldal bad kl 14.30. Ankomst Nesvik 15.30. Ferje frå Nesvik 15.40. Ankomst Hjelmeland 15.53. Til Fister 16.15. Til Årdal 16.30.



Ta med

Hugs å ta med badetøy og handkle! Ta med mat og drikke, men den kan ikkje etas inne i lokala til Suldal bad.


Påmelding

Påmelding innan 28.juni via påmeldingsskjema som ligg nederst på denne sida.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155

Arrangert av Hjelmeland kommune med støtte frå Bufdir og Sparebanken Vest

Påmelding er stengt
2024 © Hjelmeland frivilligsentral