-
Båttur til Kvitsøy FULLT
Sommaraktivitetar for barn og ungdom
I år vert det fleire kjekke sommaraktivitetar. Hjelmeland kommune kjem til å ha to aktivitetsguidar som skal leia aktivitetane og gjere friluftsutstyr meir tilgjengeleg gjenom frilager.no. Kommunen har fått tilskot frå Bufdir og Gjensidigestiftelsen for å gjennomføre dette.Her er sommarferieaktivitetar arrangert etter gjeldane smittevernreglar, klikk deg inn på aktivitetane for å kome til påmeldingsskjema.
NB: Påmeldingsfrist 28. juni.
23. Juni- 28. juli: Pop up aktivitetar for ungdom som har fullført 6. klasse og eldre. Aktivitetene skjer i Hjelmelandsvågen og blir leia av Mari Hetlesæter og Benjamin Tveit Strømsvold kvar måndag, tysdag, onsdag kl 10.00-14.00 i perioden 23.juni til 28. juli. Dei skal også gjere friluftsutstyr frå frilager.no meir tilgjengeleg for familiar/ barn og ungdom i Hjelmeland.
24. og 25. juni: Aktivitetsdagar med dans i Hjelmelandsvågen NB frist for påmelding til dans er 23. juni.
9. juli: Familietur til Kongeparken
15. - 16. juli Overnattingstur til Trodla Tysdal
22. juli: Familietur til Nedstrand klatrepark
23. juli: Familietur til Suldal bad med museumsbesøk
29. og 30. juli: Aktivitetsdagar på Furutangen
I tilllegg til dette vert det også sommarferieaktivitetar arrangert av frivillige organisasjonar i Hjelmeland:
- Hjelmeland idrettslag fotballskule 22. og 23. juni, påmeldingsfrist 16. juni.
- Sankefestivalen ved Hjelmeland turlag 26. og 27. juni. Husk påmelding til Hjelmeland Turlag.
- Speidarleir i Trodla Tysdal ved Hjelmelandspeiderne 23.- 27. juni.
- Full fart aktivitetsveke ved Hjelmeland idrettslag 12.-18. august, påmeldingsfrist 10. juli.
Del på:
-
Kontaktinformasjon til frivillige lag og foreninger i Hjelmeland
Foreningsportal for Hjelmeland er tatt i bruk frå og med 4. mai 2021. Alle frivillige lag og foreninger har fått sms om at dei kan oppdatere kontaktinformasjonen sin i foreningsportalen for Hjelmeland. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad på tlf 40439155.